På fire månader har over 1100 dyreliv gått tapt i brannar.
– Det er eit mareritt å sjå at det brenn i driftsbygningen rett ved vindauge der du sjølv bur.
Det seier Einar Frogner, leiar i Landbrukets brannvernkomite.
Den første helga i desember brann det i to fjøs. I Beiarn i Salten blei nesten 200 dyr redda ut, medan 20 lam gjekk tapt. Utanfor Florø blei 20 sauer berga då ein fjøs brann ned på øya Kinn.
Eigar Hermod Seim og nabolaget måtte sjølve stoppe flammane frå å spreie seg til nabohuset. Det blei ein seig kamp i kveldsmørket.
– Fjøsen var overtent då vi oppdaga brannen, fortel han.
Dei 20 sauene i fjøsen på øya Kinn blei redda ut av folk på staden.
Foto: NRK-tipsarStore tap av dyr
Brannane no i desember er berre to av fleire i haust og vinter. I august brann 500 grisar inne i eit fjøs i Klepp på Jæren. Nokre dagar seinare døydde 300 grisar i ein brann på Bøttum i Ringsaker.
To månader seinare mista 150 storfe livet i ein storbrann på Byrkjelo i Gloppen. I november stod eit fjøs i Gausdal i full fyr og 90 storfe gjekk tapt.
I løpet av 20 minutt var fjøsen på garden i Gausdal overtent. 90 storfe døydde i brannen.
Foto: Stig Westre / NRKLandbrukets brannvernkomite jobbar med å førebygge og avgrense omfanget av brannar i landbruket.
Etter mange og store fjøsbrannar på starten av 2000-talet, tok landbruket grep med til dømes kontrollar av elektriske anlegg og bruk av varmesøkjande kamera
I 2021 blei det registrert totalt 123 brannar i driftsbygningar med skader for over 100.000 kroner. Dette er det lågaste talet som nokon gong er registrert.
Samla sett gjekk litt over 100 dyreliv tapt i tre av brannane.
Året før gjekk 852 husdyr tapt i 141 brannar i driftsbygningar.
Likar ikkje utviklinga
Tala for 2022 er ikkje klare, men over 1100 tapte dyreliv i fleire storbrannar siste månadane uroar Einar Frogner i brannvernkomiteen.
Dei vil no gå brannane nærare i saumane etter fleire store husdyrbrannar.
– Vi må vi finne ut kvifor og kor eventuelle tiltak kan settast inn, seier han.
Han er ikkje åleine om å vere uroa over utviklinga, etter år med betydeleg nedgang.
– Det har vore ein del brannar, og det er ekstra ille når dyr døyr.
Kommunikasjonssjef i Gjensidige tykkjer det er urovekkande at det har vore så mange alvorlege brannar den siste tida.
Det seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige. Forsikringsselskapet forsikrar mange gardar i Noreg.
– Landbruket har gjort mykje, og det er innført veldig mange tiltak, men det kan sikkert gjerast meir. For startar det å brenne så går det fort, seier Voll.
Håper det er tilfeldig
Frogner seier dei er spente på kva dei finn ut når dei får analysert tala for 2022.
– Ved å få undersøkt brannårsaker, anten stadfesta eller sannsynleg, ser vi om det er ein trend eller om det er tilfeldig. Vi håper på det siste.
Og Frogner får støtte av leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.
– Det er for tidleg å seie om 2022 er eit enkeltår, men vi vil uansett undersøke om det er nokre fellestrekk og om det har oppstått nye problemstillingar.
Ifølgje Landbrukets brannvernkomite har 2 av 3 brannar husdyrbygg starta i det elektriske anlegget.
I brannen i Gloppen i oktober har politiet funne ut at årsaka til fjøsbrannen var ein dieseldriven hjullastar.
Frogner seier dei skal sjekke om det har vore fleire brannar og branntilløp i maskinar.
– Vi veit at maskinelt utstyr som med elektronikk elektriske komponentar er utsett. Det er mellom anna difor vi har hovudstraumsbrytar. Det er viktig at dei verkar og at dei blir brukt.