Ove Trellevik: – Vanskeleg å ansvarleggjere Erna
– Eg forstår frustrasjonen, seier stortingsrepresentant frå Hordaland, Ove Trellevik (H).
Han viser til stadig nye opplysningar i aksjesaken til Sindre Finnes.
– Dette viser kor komplekst dette er, og forklarer kvifor det tek tid å jobbe med dette og setje seg inn i, også for henne. Det er likevel ingenting nytt som skulle bety at Erna hadde kunnskap om kva Sindre dreiv med. Eg kan ikkje i min villaste fantasi forstå at ho har hatt kunnskap om dette. Derfor er det også vanskeleg å ansvarleggjere henne for mannen sine synder.