Her firar Ove sauen ned frå fjellhylla: – Brødskiver med peanøttsmør var mitt hemmelege våpen

Skorfaste sauer er eit ganske vanleg syn på norske utmarksbeite. Likevel er det nok ikkje så mange av dei som får lov til å rappellera.

Ove Landro senkar ned sauen.

SAUESENKING: Ove Landro senkar sauen ned frå Revehammaren i Masfjorden. I motsetning til sauesanking, er nok det ganske uvanleg.

Foto: Sunniva Torunnsdotter

To sauer måtte i helga reddast ned frå ei fjellhylle i Masfjorden i Nordhordland.

– Det er fyrste gong eg har fått eit slikt oppdrag, seier klatrar Ove Magne Landro.

Sauene hadde truleg stått der i nærare to veker. Det hadde nok vore ute med dei om ikkje klatraren hadde redda dei.

Sauene hadde nemleg hoppa frå hylle til hylle, lenger og lenger ned langs ein skrent på jakt etter mat.

Lokka med peanøttsmør og skiver

– Då eg kikka over kanten til hylla der sauene stod, såg eg to litt forskrekka fjes som kikka opp på meg. Dei skalv. Eg var redd dei skulle hoppa utfor kanten og ned i steinura, seier redningsmannen.

Heldigvis hadde Landro fått tips frå ein lokal bonde om korleis han skulle roa sauene før han byrja turen. Snakk roleg til dei og gje dei noko godt, var rådet han fekk.

– Så då tok eg fram mitt hemmelege våpen, brødskiver med peanøttsmør. Det har eg alltid med meg på tur, seier klatraren.

SAUESENKING: Ove Landro senkar sauen ned frå Revehammaren i Masfjorden.

SAUESENKING: Ove Landro senkar sauen ned frå Revehammaren i Masfjorden.

FOTO: Sunniva Torunnsdotter

Dinglo og danglo

Då klatraren var kome ned til sauene, var han kjapp med å festa dei i klatreselen sin. Så heiv han på ei klatreslynge på den eine sauen, og sparka den utfor kanten.

– Den fyrste sauen byrja å sprella litt med ein gong, men så verka det som om den fall litt til ro med å henga der og dingla. Han var nok litt forfjamsa over å henga 10 meter over bakken.

Samstundes byrja sauen han enno hadde med seg oppe på fjellhylla å bevega seg mykje.

– Den var ikkje så nøgd då eg skubba kameraten utfor kanten. Heldigvis roa den seg litt då vennen var kome ned.

Då sauene var komne ned, sprang dei rett til den fyrste busken som om ingenting hadde hendt, ifylgje Landro.

– Personleg har fått mykje ut av klatringa personleg dei ti åra eg har halde på, men det gav meining på ein heilt annan måte, seier Landro.

Ove Landro i klatreutstyr

RØYND: Ove Landro er etter kvart ein røynd klatrar. Han har drive aktivt med det som hobby dei siste ti åra.

Foto: Privat

Kunne døydd på fjellhylla

Bonde Bjørg Dyrdal eig dei to sauene som gjekk seg fast. Ho hadde prøvd å redda dei sjølv med vanlege tau, men det var ikkje mogeleg å koma ned til dei.

– Om ikkje han hadde kome og redda dei, hadde det nok vore ute med dei. Anten hadde dei vorte ørnemat, eller så hadde eg måtta få nokon til å skyta dei, seier ho.

– Det var fantastisk at han gjorde det. Ein vil jo i det lengste prøva å redda dei. Han var flink.