Hopp til innhold

Øvde på skrekkscenarioet

AURLANDSFJELLET (NRK): Fem bilar, ein buss full i turistar og full fyr i tunnelen. Det er eit scenario Aurland brannvesen har opplevd før, men framleis trenar på.

Sjå korleis det gjekk då naudetatane øvde seg på tunnelbrann i Geiteryggtunnelen på fylkesveg 50 mellom Aurland i Sogn og Hol i Buskerud.

– Det er veldig viktig å øva på tunnelbrannar. Då vert ein meir skjerpa og så får vi inn gode rutinar. Tunnelbrannar er komplekse ting så det er viktig å øva på det, seier brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland.

Og brannsjefen veit kva han snakkar om. For då alarmen gjekk torsdag morgon var det berre ei øving, men dei siste fem åra har dei ved to høve rykka ut til ein ekte tunnelbrann.

To gonger på to år

5. august i 2013 tok ein trailer fyr i Gudvangatunnelen på E16 mellom Gudvangen og Flåm. 11. august, nesten nøyaktig to år seinare, tok ein buss fyr i den same tunnelen.

Utbrend bussvrak etter brannen i Gudvangatunnelen

VRAK: Slik såg bussen som tok fyr i Gudvangatunnelen i 2015 ut, etter at den var frakta ut av tunnelen.

Foto: Jens Olav Flekke

No driv brannvesenet med jamlege øvingar for å gjera ein best mogeleg jobb når alarmen går på ekte. Dagens øving skjedde i Geiteryggtunnelen på fylkesveg 50 mellom Aurland i Sogn og Hol i Buskerud. Naudetatar frå begge sider av tunnelen var med.

– Vi er veldig bevist på at vi heldt til ein plass der det har vore ein del tunnelbrannar den siste tida. Vi øver ofte og føler vi er gode på dette, seier Sørensen.

Utbetrar 200 tunnelar

Dei siste åra har det vore fleire tunnelbrannar i Noreg. I tillegg til brannane i Gudvangatunnelen på E16 har det blant anna vore storbrann Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger i Sogn og Fjordane. Det same i Fjærlandstunnelen på rv. 5 mellom Skei og Fjærland i Sogn og Fjordane og Oslofjordtunnelen i fjor.

Hendingar som desse gjer at naudetatane no trenar meir for å vera budd når alarmen går neste gong.

– Vi har forferdeleg mange tunnelar og på denne strekninga her er det mange av tunnelane som manglar skikkeleg ventilasjon og naudnettet er ustabilt, seier varabrannsjef Tor Mikkel Tokvam i Aurland.

Sidan 2015 har det halde på ei utbetring av ventilasjon for å driva ut røyk, naudnettdekning og betre brannsikring i 200 tunnelar i heile landet. Arbeidet skal gå føre seg fram til 2022.

Riksrevisjonen vurderte i september 2016 at 41 tunnelar var «særleg risikoutsett».

brannøving