KrF fekk 18,1 prosent oppslutnad i Gloppen. Det er 7,3 prosentpoeng dårlegare enn då Magne Aarøen toppa lista med Per Steinar Osmundnes på 2. plass for fire år sidan.
Resultatet må følast som eit kraftig nederlag for Osmundnes.
Den store vinnaren vart Senterpartiet som fekk heile 35,7 prosent oppslutnad. Det er fram 8,3 prosentpoeng i høve til siste val. Kommunen til fylkesordførar Nils R. Sandal er den største bastionen til Senterpartiet.
Ap gjekk fram 4,3 til 15 prosent oppslutnad. Høgre vart meir enn halvert og fekk 5,2 oppslutnad, ein tilbakegang på 5,8 prosentpoeng. Heller ikkje regjeringspartiet Venstre fekk nokon suksess i nabokommunen til Gunvald Ludvigsen med 5,3 prosent oppslutnad.