Hopp til innhold

Oslo vil ikkje dele med Vestlandet

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i Oslo er lite villig til å gi bort statlege arbeidsplassar til ein ny storregion på Vestlandet.

Byrådsleder i Oslo Raymond Johansen (Ap)

HAR INGEN JOBBAR Å GI FRÅ SEG: Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i Oslo.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ordførarar på Vestlandet forlangar storstila utflytting av statlege arbeidsplassar som ein del av reformen med å slå saman vestlandsfylka til ein region, og for å demme opp for hjerneflukt og fråflytting.

Men Raymond Johansen seier på si side at det er ein myte at arbeidsløysa berre er på Vestlandet. Han meiner Oslo treng jobbane sjølve, og at politikarane på Vestlandet ikkje har fanga opp at delar av Oslo har minst like høg arbeidsløyse som kommunane i vest som er hardt råka av oljenedturen.

– Oslo har enormt store utfordringar. Vi har bydelar på storleik med store norske kommunar, der arbeidsløysa er høgare enn i Stavanger. Det handlar om mange som ikkje har jobb, utanforskap og fattigdom. Dette er store problem som eg nokre gonger synest det er vanskeleg å få forståing for elles i landet.

Tal frå NAV viser at i juli hadde Stavanger ei arbeidsløyse på 5,1 prosent, Oslo hadde 3,4 prosent. Berre ein bydel, Søndre Nordstrand, hadde høgare arbeidsløyse enn Stavanger.

Utflytting i kjølvatnet av reform

Byrådsleiaren i Oslo er lettare oppgitt over politikarar på Vestlandet som krev statlege arbeidsplassar.

– Eg forstår at dei gjerne vil ha statlege arbeidsplassar, men mi oppgåve som byrådsleiar i Oslo er å vise kor viktig det er med etableringar i Oslo.

Fleire ordførarar tok torsdag til orde for å flytte ut statlege jobbar frå Oslo til Vestlandet som ein del av ein plan for å skape ein ny storregion samansett av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. I desse dagar pågår forhandlingane om vestlandsregionen, og hundrevis av arbeidsplassar står på spel.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

KREV UTFLYTTING: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) ser statlege arbeidsplassar som eit vilkår for regionreform.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo bør kome i kjølvatnet av ein reform, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp).

– Det vil vere med på å få ein betre balanse i arbeidsmarknaden.

Likar dårleg signala

Regjeringa og samarbeidspartia har alt lova at det skal kome utflytting av statlege jobbar frå Oslo i løpet av perioden. Statssekretær Kristin Holm Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at samanslåing mellom fylka vil bidra.

Kristin Holm Jensen

OPNAR FOR UTFLYTTING: Statssekretær Kristin Holm Jensen (H).

Foto: Torbjørn Tandberg / Regjeringen.no

– Det er klart at dersom vi byggjer sterkare regionar og sterkare kompetansemiljø, så er det lagt godt til rette for at dei kan ta ansvar for fleire statlege oppgåver.

Men Raymond Johansen likar dårleg signala frå regjeringa.

– Eg registrerer det ho seier, og eg er bekymra for dei signala. Viss dei trur vi har mange arbeidsplassar å miste i Oslo, så er det feil.

Berre så langt i år har Oslo åleine hatt ein folkevekst på 4500 innbyggarar, noko som er meir enn dei tre vestlandsfylka til saman.