Hopp til innhold

Fengselssjefen har aldri hatt større håp om utviding enn no

Fengselsleiar Roy Egil Stadheim trur Vik fengsel kan vere nærare utviding enn nokon gong. – Regjeringa prøver å finne oppstartsløyving til revidert nasjonalbudsjett i mai.

Roy Egil Stadheim

AVVENTANDE: Politikarane har sagt mykje positivt om utvidingsplanane til Vik fengsel, men no ynskjer fengselsleiar Roy Egil Stadheim handling. – Eg har hatt stortingsrepresentantar frå alle regjeringsparti innom, og alle seier at vi skal få det til. Ein gang må vi byrje å tru på at dei snakkar sant, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Planane om å utvide fengselet med 30 lukka soningsplassar har vore klar lenge. Likevel har politiske lovnader så langt ikkje ført fram.

Etter eit møte i Oslo før helga, er håpar fengselsleiar Roy Egil Stadheim på godt nytt når regjeringa presenterer sitt reviderte nasjonalbudsjett i midten av neste månad.

– Får vi nokre millionar i oppstartsmidlar, slik at Statsbygg kan byrje planleggingsarbeidet, så er vi veldig nøgde, seier han.

Håpar på oppstartsløyving

Ulf Leirstein, Frp

SPELT INN: Ulf Leirstein (Frp) seier han har spelt inn for justisdepartementet at utvidinga av Vik fengsel bør på plass i revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Stadheim før helga møtte både stortingsrepresentant Ulf Leirstein (Frp) i justiskomiteen og rådgjevaren hans.

Der presenterte Stadheim på nytt argumenta for at regjeringa bør bruke 40 millionar kroner på ei utviding som også kan gi 25 nye statlege arbeidsplassar.

– Alle parti er samde om at dette er eit rimeleg og fornuftig prosjekt å få på plass, men så langt har ingen sett av pengar til det. Eg set min lit til at regjeringa får i gang liten oppstartsløyving så kjem i gang i sommar, seier Leirstein.

Vik langt framme

– Vi er i alle fall klare, og det veit dei. Det går på viljen til å byggje ut fengsel i distrikta, legg Stadheim til.

I mangel på soningsplassar i Norge, leiger regjeringa fengselsplassar i utlandet. I løpet av 2017 skal utviding av Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel gi vel 180 nye soningsplassar. Regjeringa er også godt i gang med planar for eit nytt fengsel med nær 300 plassar i Agder.

– Utbygginga i Vik er av dei rimelegaste utbyggingane. Det er også eit veldrive fengsel, så alt ligg til rette for at Vik kjem langt fram i køen når vi skal byggje ut fleire plassar i norske fengsel, seier Leirstein.

Oppstartsløyving

Sidan revidert nasjonalbudsjett betyr små endringar, trur justispolitikaren at det skal godt gjerast å få på plass heile utvidinga av Vik allereie no.

– Då vil eg heller setje ein større knapp til Statsbudsjettet som kjem til hausten. Det kan derimot vere mogleg med ei oppstartsløyving, slik at det er mogleg å komme i gang til sommaren, seier Leirstein.

– Då snakkar vi om fem-seks millionar. Eit lite budsjettal, og som eg har spelt inn for justisdepartementet at dei bør prøve å få på plass i revidert, avsluttar han.