For første gang sidan 1993 er det registrert meir regn i Oslo enn i Bergen i oktober.
På målestasjonen på Blindern i Oslo blei det registrert 205,9 millimeter nedbør i oktober. Det er 145 prosent over normalen, som er på 84 millimeter.
– Oktober er den våtaste månaden me har hatt i år, og slår juli med god margin. Med unntak av enkelte dagar utan nedbør, har det stort sett regna, seier statsmeteorolog Bente Wahl ved Meteorologisk institutt.
Den nest våtaste nokon gong
Årets oktober er den nest våtaste som nokon gong er registrert på Blindern. Berre 2014, då det var registrert 211 mm nedbør, har vore våtare.
Målestasjonen Florida i Bergen fekk på si side 188,5 millimeter med nedbør, som er langt mindre enn det som er vanleg for oktober. Der er normalen på 271 millimeter.
– Bergen har berre fått 70 prosent av den nedbøren dei vanlegvis får. Sjølv om 188,5 mm ikkje er så langt unna Oslo si rekordnotering, er det tørt til å vera Bergen.
Det har berre skjedd fem gongar tidlegare sidan målingane starta at Blindern har registrert meir nedbør enn Florida i oktober. Sist gang var i 1993, og før det skjedde det i 1959, 1960, 1974 og 1976.
– Det har regna 21 av 31 dagar. Det er ekstra vått til å vera Oslo, for det er normalt sett ikkje så mykje nedbør i oktober.
Farevarsel for helga
Men sjølv om november startar med regn i både aust og vest, vil enkelte ting snart normalisera seg.
– Utover veka blir det mykje vestavêr. Då blir det verst i vest og nord, medan me i aust blir liggande i le og får ei grei veke, fortel Wahl.
Men først skal eit lågtrykk treffa heile Sør-Noreg og deler av Midt-Noreg. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om kraftige vindkast på Vestlandet og i Trøndelag denne helga.
– Laurdag føremiddag er det nokså fint over heile landet, men laurdag og sundag blir det mykje vind på Vestlandet og i Trøndelag. Utover kvelden og natta kjem det nedbør innover heile Sør-Noreg. Sundag blir det også regn, fortel Wahl.
Vinden vil også auka på i Nord-Noreg utover kvelden. Nedbøren vil særleg koma sør for Stad og Dovre, medan Midt-Noreg og nord slepp unna i denne omgang.
– Tilbake til vanleg bergensvêr
Vinden og nedbøren i Sør-Noreg vil halda fram måndag, men så snur det litt frå tysdag av, fortel Wahl.
Då kjem det inn lågtrykk frå vest som vil treffa kysten oppover, og Sør- og Austlandet blir liggande i le. Vestavêret blir liggande stabilt.
– Då er det nok tilbake til vanleg bergensvêr, humrar Wahl.