Hopp til innhold

Oslo-folk dominerer i offentlege utval

FØRDE (NRK): Han er ein sjeldan fugl. Vidar Otterstad sit i eit regjeringsutval utan å vere frå Oslo, Bærum eller ein annan storby.

Vidar Otterstad ser ut vindauge

BYGDELIV: Vidar Otterstad har ei anna kontorutsikt enn mange av dei som han sit saman med i Domstolkommisjonen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det å leve og bu i distrikta dannar ein erfaringsbakgrunn, som dei som har levd heile livet sitt i ein større by, kanskje ikkje har.

Det seier Vidar Otterstad. Han er jordskifterettsleiar i Ytre Sogn og Sunnfjord, og medlem i Domstolkommisjonen.

Kommisjonen er oppnemnt av regjeringa for å gje råd om kor mange domstolar det skal vere i Noreg. Han er einaste i kommisjonen som ikkje er frå ein storby.

Han bur i bygdebyen Førde i hjartet av Sogn og Fjordane, med knapt 10.000 innbyggjarar.

– No vil ikkje eg kommentere samansetninga av Domstolkommisjonen som eg sjølv er medlem i. Men eg forstår at problemstillinga blir tatt opp, seier Otterstad.

Dei presenterte sin foreløpige konklusjonen nesten samtidig som kraftskatteutvalet. Nationen skreiv denne veka om kor lite representert distrikta var i desse to mektige utvala.

NRK har gått gjennom alle dei tolv råda, styra og utvala som regjeringa har oppnemnt så langt i 2019, for å få eit bilete på korleis utvala er samansette.

Totalt er 151 personar oppnemnde.

Av dei bur 63 prosent i hovudstadsområdet.

– Ikkje noko feil med Oslo-folk

Stortingsrepresentant og tidlegare statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) synest Oslo-dominansen er eit problem.

– Eg har erfaring frå åtte år i regjering. Der slåst vi for å få mandat og ikkje minst ei samansetning av utval som balanserte geografi og synspunkt. Då fekk vi høyre at det er så vanskeleg å finne kompetente folk. Vi fekk inntrykk av at dei nesten måtte vere frå Oslo eller Bærum. Det er sjølvsagt feil!

Ho fortel at dei laga seg ein «bank» med ulike fagfolk frå distrikta som dei kunne plassere i ulike utval.

– Men har bustadadresse noko å seie for kor kompetent ein er til å sitje i eit slikt utval?

Liv Signe Navarsete i debatt

KAMP: Liv Signe Navarsete (Sp) seier ho måtte slåst for å få fleire folk frå distrikta inn i sine utval i regjering.

Foto: NRK

– Bustadadressa fortel at ein har andre erfaringar enn dei med Oslo-adresse. Det er ikkje noko feil med Oslo-folk. Men det blir feil om eit stort fleirtal i utvala kjem frå same område. For dei har ofte same bakgrunn og same utdanning.

– Ikkje i mål

Kommunaldepartementet har gjort sin eigen gjennomgang av alle regjeringsoppnemnde utval tilbake til 2013. Av 721 personar kjem 54 prosent frå Oslo og Akershus. Resten kjem frå heile landet.

– Vi har framleis eit stykke igjen til vi er der vi skal vere, seier kommunalminister Monica Mæland (H), som svarer på vegner av regjeringa.

Mæland har klare tankar om kva ho meiner er årsaka.

– Store forskingsinstitusjonar er ofte plasserte på Austlandet. Vi må jobbe meir med å bruke kloke hovud frå heile landet. Vi er ikkje i mål, men vi er opptekne av at dette skal bli betre, seier Mæland.

Monica Mæland på Halhjem

IKKJE I MÅL: Kommunalminister Monica Mæland (H) vil at folk frå heile skal kunne sitje i ekspertutval. Hennar eiga oversikt syner at 54 prosent av alle regjeringa peikar ut bur i Oslo og Akershus.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK