Hopp til innhold

Ordkrig mellom Sp-leiaren og fiskeriministeren

Er det greitt å samanlikna kommunesamanslåingar med korleis det er å få ungane ut i frisk luft? Det er spørsmålet som gjer at Trygve Slagsvold Vedum og fiskeriministeren har hamna i klinsj.

Tygve Slagsvold Vedum (Sp) og Odd Emil Ingebrigtsen (H)

PROVOSERT: Eg trudde ikkje det gjekk an å stå fram så arrogant som det fiskeriministeren gjer i denne saka, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: NRK

– Fiskeriministeren har uttala seg slik at småkommunar står fram som bortskjemte dritungar, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Denne veka sende han eit skriftleg spørsmål til kommunal- og forvaltningsminister Nikolai Astrup (H) og spør om han «deler vurderingane til sin statsrådskollega».

Bakgrunnen er ein båttur utanfor Bremanger, som ligg i klem i Kinn kommune i Vestland.

Undervegs fortalde fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) «ei enkel likning» kor han samanlikna motstanden mot kommunesamanslåingar med korleis det er å få ungane ut i frisk luft.

– Hadde det vore frivillig for ungane mine å vere med på tur når dei var små, så hadde dei aldri blitt med, sa han.

Det er desse orda som får Slagsvold Vedum til å sjå raudt.

– Eg reagerer kraftig på at ein Høgre-statsråd uttalar seg slik, seier han.

– Bør ikkje Senterpartiet tole denne type spissformuleringar?

– Eg toler fargerikt språk, men dette er så nedlatande og veldig arrogant.

– Komisk reaksjon

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen meiner reaksjonen til Vedum er «komisk og grensar til det useriøse».

– Han treng ikkje spørje kommunalministeren om dette. Han kunne spurt meg. Eg har 24 år bak meg i eit kommunestyre og har stor respekt for og erfaring med lokaldemokratiet, seier han.

Han legg til at det mange stader kan vere «større ulemper enn fordeler med at alle kjenner alle».

– Då kan avgjerdene bli for nære og vanskelege.

– Usympatiske av Høgre

Hilmar Høl (Ap) er ordførar i Arbeiderparti-bastionen Årdal. Han reagerer på same måte som Sp-leiaren.

– Ingebrigtsen står fram som ein trassig liten unge sjølv når han signaliserer at små kommunar ikkje veit sitt eige beste, seier han.

Hilmar Høl på talarstol

HARDT UT MOT HØGRE: Det er typisk Høgre å stå fram usympatisk og arrogant, meiner Ap-ordførar Hilmar Høl i Årdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bakgrunnen for krangelen er kommunereforma som vart sett i gang juni 2014.

Før reforma var det 428 kommunar. I dag er det 356. Reforma har vore omstridd, og i nokre tilfelle vart kommunar slått saman med tvang.

I 2017 var Venstre med å sikre regjeringa fleirtal for at åtte tvangssamanslåingar.

Vil ha Venstre med på tvang

– Vi vil bruke tvang fordi vi veit at det er mange små kommunar ikkje greier å gje eit godt nok tenestetilbod, seier leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark.

Han viser mellom anna til at mange kommunar ikkje greier å tilby sårbare barn, handikappa og psykisk sjuke gode nok tilbod.

– Ein kommune som har 200 innbyggarar skal handtere akkurat dei same lovpålagde oppgåvene som ein by på 200.000 innbyggarar.

Hansmark sit i programkomiteen i Venstre og håper å få med seg heile partiet på meir bruk av tvang overfor små kommunar som ikkje vil slå seg saman.

Sondre Hansmark, leder i Unge Venstre

VIL HA FÆRRE KOMMUNAR: Mange små kommunar greier ikkje å gje innbyggarane gode nok tenester, meiner Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

– Kjem til å bli færre kommunar

Kommunal- og forvaltningsminister Nikolai Astrup lover å gje Vedum eit skriftleg svar, men seier til NRK at reaksjonen til Senterpartiet «høyrer ingen stad heime».

Han vil ikkje svare på om han vil gå inn for meir bruk av tvang i neste stortingsperiode.

– Det kjem uansett til å bli færre kommunar fordi dei minste kommunane sjølve kjem til å sjå at det blir vanskeleg å stå åleine, seier han.

Nikolai Astrup

AVVISER KRITIKK: Det er Senterpartiet som har ei ovanfrå og ned-haldning i spørsmålet om kommunestruktur, meiner kommunal- og forvaltningsminister Nikolai Astrup.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK