Hopp til innhold

Jorunn (70) hadde ikkje råd til taxi til psykolog – fylkeslegen meiner lova blir broten

I tolv distriktskommunar har ein ikkje tilbod om pasienttransport. Fylkeslegen meiner helseføretaket ikkje følger spesialisthelstenestelova.

Jorunn Vadlid Svellingen

MINSTEPENSJONIST: For Jorunn Vadlid Svellingen må returskjema for drosjeutgifter gå via posten. Dermed kan det gå veker før ho får pengane att frå Helse Bergen: – Det har eg ikkje råd til.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I dei tolv Vestland-kommunane må pasientane sjølve i dag bestilla og legga ut for drosjen når dei skal til legen eller sjukehuset.

Helse Bergen har ikkje klart å inngå køyreavtalar med drosjesentralar i distrikta.

– Helse Bergen oppfyller ikkje fullt ut kravet i spesialisthelstenestelova, konstaterer fylkeslege Helga Arianson overfor NRK.

– Salderingspost

Førre veke møtte NRK minstepensjonist Jorunn Vadlid Svellingen frå Eikelandsosen. Ho valde å avlysa den vel timelange turen til spesialistpsykolog i Bergen.

– Eg har mellom 2600 og 2700 kroner på konto no. Eg har ikkje råd til å legga ut for turen til Bergen, sa Svellingen. I staden fekk ho telefonavtale.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) meiner det Helse Bergen gjer er ulovleg.

Onsdag stiller ho helseminister Bent Høie (H) spørsmål om helseføretaket har lov å stå utan avtalar.

Hans Inge Myrvold, Kvinnherad Sp

– SALDERINGSPOST: Kvinnherad-ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) kallar behandlinga av pasientar som treng transport eit gjentakande problem.

Foto: Tale Hauso / NRK

No tar ordførarane i dei råka kommunane også eit oppgjer med sitt eige helseføretak.

– Inntrykket mitt er at pasientreiser er blitt ein salderingspost. Eit gjentakande problem me må fronta på vegner av innbyggarane gong på gong. Det er vanskeleg å akseptera, seier Hans Inge Myrvold (Sp) i Kvinnherad.

Seint i førre veke sende ordføraren ei bekymringsmelding til fylkeslegen. Han meiner Helse Bergen etter § 2–1 i spesialisthelstetenestelova har plikt til å syta for at pasientar blir transporterte til og frå timeavtalar.

– Me har eit svært avgrensa drosjetilbod i området Ølve/Hatlestrand. Då er ein avhengig av drosjar frå andre kommunar, så dette vert veldig utfordrande.

Fylkeslege i Vestland, Helga Arianson

FYLKESLEGE: Helga Arianson seier Helse Bergen er vel kjent med kravet i spesialisthelsetenestelova. – At avtalar hittil ikkje er inngått kviler ikkje på Helse Bergen åleine.

Foto: Ina Romslo Rønning / NRK

Fylkeslegen involverte seg

Fylkeslege Helga Arianson opplyser at dei ikkje har fått klager i saka. Likevel har ho på eige initiativ bede om og fått opplysingar om arbeidet med å få på plass avtalar.

– Er praksisen til Helse Bergen i strid med lova om spesialisthelsetenester, Arianson?

– Inntil avtalane er på plass er det innført mellombelse ordningar for dei mest sårbare pasientane, og det er gjort avtalar om faktureringsløysingar med drosjeselskap. Helse Bergen oppfyller ikkje fullt ut kravet i spesialisthelstenestelova § 2–1 a og har sett i verk kompenserande tiltak, skriv fylkeslegen i ein e-post.

Mellom anna har Helse Bergen inngått avtalar med drosjeselskap om å køyra «hyppige» brukarar, som til dømes dialysepasientar.

Karstein Totland, ordførar i Masfjorden for Høgre

– HEILT PÅ TRYNET: Ordførar Karstein Totland (H) i Masfjorden er irritert over situasjonen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ubehageleg klemme

Helse Bergen varslar at dei håpar å ha nye avtalar på plass innan nyttår. I mellomtida køyrer pasientar på ordinær drosjetakst i område der det manglar avtale.

Helse Bergen ønskjer ikkje kommentera kor mykje dette kostar helseføretaket.

Frå Sunnhordland til Ytre Sogn er misnøya no stor mot Helse Bergen.

Ordførar Karstein Totland (H) i Masfjorden meiner Helse Bergen har sett distrikta i ei ubehageleg klemme.

– Dette gjer meg irritert. Det går ut over dei som har mest behov for transport, og det kan enda med at folk må ta fri for å køyra foreldra sine. Samfunnsinnsparinga er fullstendig vekke.

Trine Lindborg, ordfører i Bjørnafjorden

SKUFFA: Ordførar Trine Lindborg (Ap) hevdar Bjørnafjorden må bemanna opp for å hjelpa pasientar med å fylla ut skjema for drosjerefusjon.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Oppbemannar for skjemahjelp

Saman med Gulen vurderer Masfjorden å etablera ein sentral som kan hjelpa innbyggarane med bestilling og utfylling av refusjonsskjema.

– Eg syns det er heilt på trynet viss me må gjera det for å skjerma innbyggarane for vanskar. Dette er klønete handtert av Helse Bergen.

Bjørnafjorden-ordførar Trine Lindborg (Ap) er «ekstremt skuffa» over at helseføretaket ikkje har gjort meir for å koma drosjesentralane i møte.

Tysdag kveld fekk ho beskjed av kommunalsjefen for helse og velferd at heimehjelpa må bemanna opp for å kunna hjelpa brukarar med å fylla ut refusjonsskjema

– Dette er ikkje noko sjuke og eldre klarer åleine, hevdar Lindborg.

Askjell Utaaker

BEKLAGAR: Divisjonsdirektør Askjell Utaaker i Helse Bergen.

Foto: Katrine Sunde

– Ulovleg

Divisjonsdirektør Askjell Utaaker i Helse Bergen forstår bekymringa.

Det er beklageleg. Det er viktig at pasientane ikkje avlyser avtaler på sjukehuset. Me legg til rette for rask refusjon og appellerer til drosjeselskapa om å tilby kredittordningar.

Han seier avtalane ikkje kunne forlengast ein fjerde gong.

Me har allereie forlenga dei utover det me kan gjera med gjeldande regelverk. Dette er spelereglar alle partar må halda seg til.

– Men fylkeslegen meiner Helse Bergen ikkje oppfyller kravet i spesialisthelsetenestelova?

– Helse Bergen opererer innanfor kravet ved at me tilbyr pasientar med rett til transportrefusjon. I dialogen med fylkeslegen har me ikkje oppfatta at det er noko usemje om dette. Dersom det er tilfellet, skal me sjølvsagt finna ut av det.