Hopp til innhold

Ordføraropprop møter motbør

Sogn og Nordfjord reagerer på støtta til Førde sentralsjukehuset.

Førde sentralsjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var i går 12 ordførar frå Ytre Sogn og Sunnfjord - frå Balestrand til Bremanger - gjekk ut og kravde stogg i nedbygginga av sentralsjukehuset. .

- Dårleg grunnlag

Arne Sanden, ordførar i Lærdal, krev at dei 12 ordførarane må dokumentere at det løner seg å endre strukturar ved lokalsjukhusa.

- Eit slikt utspel må jo byggjast på ein økonomisk analyse, og ein fagleg analyse som syner at dette vert så mykje betre. Eg er ikkje så sikker på at den analysen finst, seier Sanden.

Råkar lokalsjukehusa

Stogg i nedbygginga av sentralsjukehuset må med dagens økonomiske rammer bety endringar av funksjonar ved lokalsjukehusa.

- Ein må med den pengesekken ein har til disposisjon gjera nokre val. Og då meinar me at ein må prioritera ned nokre av dei tenestene som er ved lokalsjukehusa. Alle kan ikkje ha alt, seier fjalerordførar Arve Helle.

Aksepterer ikkje utspelet

Men utspelet frå halvparten av ordførarane i fylket fell heller ikkje i god jord hos eid-ordførar Sonja Edvardsen, som for tida også er leiar i Nordfjordrådet.

Ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen, på styremøtet i Helse Førde
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Det kan sjølvsagt ikkje me i Nordfjord akseptera.

Edvardsen meiner ordførarutspelet vil rokke det likeverdige helstilbodet i heile fylket.

- Klart er me avhengige av å ha eit truverdig lokalsjukehus i Nordfjord, skal me ha same behandlingstilbod og føla same tryggleik som resten av Sogn og Fjordane. Ein må sjå på kva behov me har, og så tenkja heilskapeleg. Då vil det ikkje vera ei løysing å vengjeklippa lokalsjukehusa.

- Til gode for heile fylket

Men Arve Helle meiner deira utspel om å berge eit sterkt sentralsjukehus gjeld nettop heile fylke.

- Dette er tenester som kjem heile fylket til gode, og det er dei me er opptekne av.