Hopp til innhold

Ordføraren hyllar rasheltane

GUDVANGEN (NRK): Ordførar Noralv Distad i Aurland gir all honnør til dei som fekk stoppa trafikken under steinraset i Gudvangen tysdag.

Takkar heltane

BLOMSTER FOR INNSATSEN: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (t.h.), takkar Johnny Steensen og Roar Gilbu for innsatsen under raset i Gudvangen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Innsatsen til dei som var på rasstaden er heilt fantastisk. Vi er veldig glad for at det ikkje gjekk liv tapt.

Dei orda tilhøyrar Aurland-ordførar Noralv Distad. På tysdag ras fleire enorme steinar over E16 ved Gudvangen, i retning Voss. Til trass for store øydeleggingar vart ingen skada.

E16 mellom Gudvangen og Voss kjem truleg ikkje til å bli opna før tidlegast over helga. Anbefalt omkøyring er via Rv 7, Ev 134 og Rv 13. Ein geolog skal i dag på synfaring i området.

ras
Foto: NRK

No takkar ordføraren dei som var til stades for at ingen liv gjekk tapt under raset.

– Av og til seier ein at det er flaks som gjer at det ikkje går menneskeliv. Eg vil seie at i det tilfelle her er det folk som ikkje tenkjer på sitt eige liv, men som går inn for å berge andre. Alt tyder på at dei har berga menneskeliv, fortel Distad.

Drog tilbake til raset

Johnny Steensen var ein av dei drog tilbake til raset då dei forstod kva som skjedde. Der fekk dei dirigert trafikken, slik at ingen bilistar køyrde inn i raset.

– Det var som å vere med i ein Hollywood-film, seier redningsmannen Johnny Steensen.

Han og nokre kameratar tenkte at det kom til å kome fleire ras, og heiv seg i bilane for å køyre tilbake til raset.

– Det var kanskje dumdristig og reise opp att, men eg trur det var med på å berge liv. Vi såg kva som skjedde, og det gjorde ikkje trafikken som kom, fortel Steensen.

Foto: Ole Martin Gilbu

HER GÅR RASET: Det var dramatisk då dei stoppa bilane. Foto: Ole Martin Gilbu

No får Steensen og medhjelparane skryt får Distad.

– All honnør til Johnny Steensen og dei han fekk med seg.

Ønskjer meir fokus på rassikring

Det er ikkje første gongen at steinras rammar vegane på Vestlandet. No fortel ordførar Distad at tysdagens ras i Gudvangen syner viktigheita av å rassikre vegane.

Noralv Distad

VIL FOKUSERE PÅ RASSIKRING: Ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det viser seg nok ein gong at i det terrenget vi har her er det rasfare mange plassar. Det er klart at det understrekar kor viktig det er at rassikring har prioritet, og at det blir løyvd store nok beløp til rassikring.

Distad meiner at bilistane skal kunne føle seg trygge på vegane på vestlandet.

– Det som er viktig er at trafikantane skal komme trygt fram, og at trafikken skal gå sin gong både for vanlege bilistar og næringsdrivande. Vi jobbar vidare for å få opp rammene for rassikring.