Hopp til innhold

Ordføraren får kritikk frå brannoffer

Lex Muller, som miste alt han eigde i ein brann i Svelgen i mars i fjor, er skuffa over ordførar Audun Åge Røys. Han meiner ordføraren opptrer flaut.

Audun Åge Røys

HAUSTAR KRITIKK: Mange er kritiske til utsegna ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger kom med i Vestlandsrevyen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Både ved rekkehusbrannne for snart eitt år sidan og ved bustadbrannen i romjula streva brannvesenet med dårleg vasstrykk. Politiet har bede om ein tankbil til brannvesenet, men ordførar Audun Åge Røys har i staden peika på at dei kan ta vatn frå elva.

Dette meiner Muller er flaut av ordføraren.

– Eg begrip det ikkje. Å gå ut med eit slikt svar i ein slik situasjon, det held ikkje.

Det var i Vestlandsrevyen Bremanger-ordføraren sa at det å hente vatn frå ei elv i Svelgen er eit alternativ til å kjøpe tankbil.

– Det verste eg har opplevd

Lex Muller berga så vidt seg sjølv, kona og to barn då det starte å brenne i heimen hans i mars i fjor. Tre rekkehusvære gjekk tapt i storbrannnen, fire personar måtte på sjukehus.

Muller opplevde det som fortvilane å sjå brannen spreie seg medan brannvesenet kjempa med elendig vasstrykk.

– Det var veldig frustrerande, vi såg at dei sleit med å sløkkje brannen, men dei fekk det ikkje til. Det er det verste eg har opplevd.

Kravet om tankbil til brannvesenet har vore oppe fleire gonger. Under brannen vesle nyttårsaftan herja vinden i bygda, og berre ei regnbyge og hardt arbeid frå hjelpemannskap gjorde at brannen ikkje spreidde seg.

Bustadhus i brann i Svelgen

VIND OG LITE VATN: Det var stor fare for at brannen i romjula kunne ha spreidd seg fordi det var vind og lite vasstrykk.

Foto: NRK-tipsar

– Ganske makteslaus

Lensmann Hans Rune Strandos sa på Vestlandsrevyen måndag at kommunen sårt treng ein tankbil til brannvesenet.

– Når du har opplevd ein slik situasjon og du ser at brannen kan spreie seg, og det ikkje er vatn tilgjengeleg, då kjenner du deg ganske makteslaus.

Men i same innslaget var ordføraren lunken til framlegget.

– Det er veldig alvorleg om det er for lite vatn til sløkking, men det er mange faktorar som spelar inn. Elva renn jo tett attmed, det er mogelegheiter der og i ei krise, sa ordførar Audun Åge Røys då.

Lensmann Hans Rune Strandos med branntomta

BER OM TANKBIL: Lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger meiner noko må gjerast for å sikre nok vatn til sløkking i Svelgen.

Foto: Emilie Leirvik

– Går ut over tryggleiken

Og Lex Muller er ikkje den einaste som har reagert kraftig på utsegnene. Lensmann Strandos seier han har fått mange sinte kommentarar dei siste dagane.

– Mange har vendt seg til meg i ettertid om den saka, det er beklageleg. Eg vel å tru at ordføraren har tenkt seg litt for lite om før han kom med dette svaret. Det går ut over tryggleiken til folk når det blir ein gjenomgangsmelodi at det er for lite vatn tilgjengeleg.

NRK snakka med Audun Åge Røys torsdag ettermiddag, men han vil ikkje kommentere saka før han har hatt eit møte med brannvesenet fredag.

I Svelgen håpar Lex Muller at familien kan flytte inn i nytt husvære til våren. Han fortel om eit brannvesen som rykte enormt raskt ut til brannen i mars, men i området av Svelgen der han bur i er det langt til nærmaste elv og 500 meter til sjøen, og brannvesenet fekk ikkje nok vasstrykk i det kommunale leidningsnettet.

Brannvesenet hadde store problem med å få fram nok vatn, under brannen i Svelgen sentrum før helga. Lensmannen frykta at det skulle utvikla seg til ein storbrann, på nivå med Lærdalsbrannen.