– Det har vore fantastisk å vere ordførar i Lærdal, men me har måtte handtert mykje, seier Jan Geir Solheim.
Etter åtte år bak roret går det mot ordførarskifte i Lærdal kommune. Arbeidarpartiet fekk 49,1 prosent av røystene under valet i går.
Kraftig tilbakegang
I kontrast til resten av landet, gjorde Senterpartiet i Lærdal eit svært skuffande val. I alt hadde dei ein tilbakegong på 18 prosentpoeng, og enda med ei oppslutning på 28,2. Trass i eit skuffande val, ser ikkje Solheim på valet som eit personleg nederlag
– Nei, absolutt ikkje. Eg har hatt nokre gode år og veit kva dette går i. Eg kunne sjølvsagt tenke meg å fortsette, men det er veljarane som må bestemme, seier han.
Solheim, som seier han gler seg til å reinske hovudet etter nokre intense veker, meiner det er viktig å sjå framover no som valet er unnagjort.
– Eg har eit brennande politisk engasjement i Lærdal, sjølv om eg må gå av som ordførar. Og så har me trass alt no ei god liste med representantar, som kjem til å fokusere på å utvikle Lærdal vidare.
Suksess for Ap
Med tilnærma halvparten av alle stemmene gjorde Ap stor suksess i valet. Dermed er det duka for at Audun Mo skal ta over ordførarklubba i Lærdal. Sjølv er han overraska over at valet gjekk så bra som det gjorde.
– Me hadde jo håpa på eit godt resultat, men dette var over all forventning, seier han.
Valet betyr at Mo må gje seg som sjef for bilforretninga si når han no truleg trer inn i ordførarvervet. Trass i at han berre har ein periode bak seg i kommunestyret, trur han ikkje det vil verte ei hindring.
– Eg har jo vore leiar i kyrkjestyret i Lærdal så eg kjenner jo litt systemet og korleis det er oppbygd.
Mo, som fortel at partiet skal i møte med SV i kveld, bekreftar at dei truleg får varaordførarvervet i Lærdal.