Hopp til innhold

Ordførarar tek til orde for leiarskifte i Senterpartiet

Fleire Senterparti-ordførarar som VG har snakka med, tek til orde for å skifte ut delar av leiinga i Senterpartiet.

Navarsete og Borten Moe

KRITISKE: Fleire ordførarar tek til orde for å skifte ut toppsjiktet i Senterpartiet. Her f.v Liv Signe Navarsete og Ola Borten Moe.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Eg trur vi må byte leiar, seier ordførar i Stor-Elvdal, Even Moen, til VG.nett.

Onsdag kom evalueringsrapporten av tidenes svakaste Sp-val. Her kom det fram at tillitsvalde i partiet meiner leiinga var usynleg i store delar av valkampen, og evalueringa som vart lagt fram i onsdag, teiknar eit knusande bilete av partiet.

Alt 7. desember, før partileiinga sjølv hadde sett rapporten, hadde VG oppslag som bygde på utvalet sine notat.

Utvalet bestod av ni medlemmer, og Navarsete oppfordra dagen etter at rapporten vart lagd fram, den eller dei som hadde gitt informasjon til VG, om å stå fram.

Har snakka med 15 ordførarar

Dette gjekk ho fredag tilbake på, og sa at ho aldri burde stilt til intervju på Politisk Kvarter dagen etter rapporten, med påfølgjande julebord og lite søvn.

Sjølv om rapporten inneheld sterk kritikk av leiinga, var ikkje angrepa på Navarsete like direkte som lekkasjane i VG gav inntrykk av.

VG har no snakka med 15 av ordførarane Senterpartiet fekk etter valet 2011. Fem av dei er klare på at det må bli endringar i leiinga, sju er avventande, medan berre to er positive til at leiinga held fram som no.

Liv Signe Navarsete har ikkje ønskt å kommentere saka i det heile.

Meiner det manglar arvtakarar

– Eg tykkjer det som kjem fram er alvorleg, og det er mykje i rapporten eg støttar, seier ordførar i Sør-Aurdal, Kåre Helland til VG.nett.

Han legg til at det må gjerast vurderingar rundt leiarvervet fram mot landsmøtet, og peikar på at det er utfordrande at det ikkje er klare arvtakarar i partiet.

Også ordførar i Aremark, Geir Aabu, meiner det er på tide å gjere skifte i leiinga.

– Vi må ha fornying i Sp no, vi må stå fram som eit meir moderne parti enn det vi er no, seier Aabu til avisa.