Hopp til innhold

– Vi kan ikkje berre akseptere at folk må flytte frå gard og grunn

Byggenekt i rasutsette kommunar skapar hovudbry for ordførarar som ønskjer utvikling. Dei vil ha meir pengar til sikringstiltak.

Ordførar Stein Aam i Ørsta er letta dersom det viser seg at det no er den sakna polske kvinna Maja Herner som er funne

VIL SIKRE MEIR: – Vi kan risikere at det blir stopp og fråflytting. Det er ein konsekvens vi ikkje kan leve med, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).

Foto: Remi Sagen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I alt 14.000 nordmenn bur på stader der staten meiner det er sannsynleg at det vil gå skred. På kjøpet følgjer strenge byggerestriksjonar.

NRK fortalde i går om ein familie i Hardanger som ikkje får utvikle garden slik dei ønskjer.

– Vi kan ikkje berre akseptere at folk må flytte frå gard og grunn og næringsverksemd på grunn av farekarta som er utarbeidd, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).

Sunnmørskommunen har sjølv fleire område som er definert som rasutsette. Aam understrekar at kartlegginga er positiv, men meiner storsamfunnet må stille meir opp for dei som hamnar i rassoner.

– I ytste konsekvens avlyser folk investeringar og bygging, og flyttar kanskje frå området. Det har store konsekvensar for større og mindre kommunar på Vestlandet, seier Aam.

Vil sikre meir

Over 1300 nordmenn bur i såkalla raude soner, der det er sannsynleg med ras innanfor ein 100-årsperiode. Meir enn 12.000 nordmenn bur i faresoner for 1000-årsskred. Dei har ikkje utan vidare rett til å få sikra eigedommen sin, krav på erstatning eller til økonomisk støtte til å flytte.

Over eit bustadfelt i Ørsta sentrum er det bygd ein vernevoll til 30 millionar kroner, der NVE dekker 80 prosent og grunneigarar 20 prosent av kostnaden.

– Noko slik finansiering må ein få til også på mindre tiltak, som på gardsbruk eller næringsverksemd, seier Aam, og meiner NVE derfor må få større løyvingar til sikring.

Stadig meir ekstremvêr gjer at Aam meiner det hastar å få løfta problemstillinga.

– Løyvande myndigheiter må sjå på korleis dette skal handterast dette for framtida. Skal utbyggar betale dette aleine, risikerer vi stopp og fråflytting.

Store utfordringar

Roald Aga Haug (Ap) er ordførar i Ullensvang, der familien Kvestad har opplevd å få byggeforbod fordi delar av garden ligg i raud faresone for skred.

– Vi har desse utfordringane på hus, gardar og veg og vi har det meir enn mange andre stader i landet, seier ordføraren.

Også han meiner det trengst meir midlar.

– Dei overordna rammene må aukast kraftig, truleg må midlar til dette arbeidet tidoblast nasjonalt. Vidare må kommunar og bygder takast på alvor med dei utfordringane dei har, seier Haug.

Meir enn kartlegging

Også Stryn kommune i Nordfjord er raskartlagt av NVE og har fleire slike faresoner.

– Viss vi ikkje skal få ta i bruk nytt areal, er det vanskeleg sjå korleis kommunen skal utvikle seg, seier ordførar Per Kjøllesdal (Sp).

Ordføraren meiner løysinga er at NVE må få midlar til å gjere eit arbeid også etter at skredkartlegginga er gjort.

– Dei må detalj-granske områda og vurdere kva tiltak som skal til for at det skal vere trygt å bu der. Dei må rett og slett gjere rassikringsvurderinga òg.

Kjøllesdal seier det vidare må vurderast om det er økonomisk forsvarleg å gjennomføre sikring.

– Inneber dette at det også bør kome meir midlar til sikring?

– Ja, heilt klart. Det er god samfunnsøkonomi i å gjere sikringsarbeid.

Per Kjøllesdal

SKREDUTSETT: Stryn kommune har knappast areal som ikkje er utsett for skred eller flaum. – Då er det landbruksjord som er igjen, og gjerne den beste jorda, seier ordførar Per Kjøllesdal.

Foto: Silje Guddal / NRK

Har auka potten

Det er ikkje midlar til å sikre alle dei tusenar som bur rasutsett, men statssekretær Tony Christian Tiller (H) seier regjeringa har styrkt dei årlege budsjetta til flaum- og skredførebygginga sidan dei overtok i 2013.

– Så har også kommunen ei viktig rolle og eit sjølvstendig ansvar i arealplanlegging, når det kjem til kvar dei legg næringsverksemd og planlegg for nye bustader.