Hopp til innhold

Ordførar ville gje seg etter grov hets: – Vi skal ta deg. Vi veit kvar du bur

KNARVIK (NRK): Etter fleire brev med truslar var Astrid Aarhus Byrknes nær ved å gje seg i politikken. Den populære ordføraren i Lindås opplever at politikarar får stadig meir hets.

Astrid Aarhus Byrknes

HATBREV: KrF-ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås var nær ved å gje seg etter å ha mottatt fleire trusselbrev knytt til sitt engasjement for flyktningar. – Dei skulle ta meg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Politikarar skal vere hardhuda. Men eg er ikkje hardhuda. Det gjekk sterkt inn på meg. Eg måtte spørje meg sjølv om politikken var verdt det.

Astrid Aarhus Byrknes er KrF-politikaren som i periode etter periode har fått ein oppslutnad partiet berre kan drøyme om andre stader. Men for kort tid sidan var ho likevel nær med å gje seg.

– Eg syns det er vanskeleg å snakke om. Ikkje ein gong familien har eg fortalt alt til.

For første gong vel ho å snakke om hetsen ho har opplevd. Det skjer etter at fleire politikarar rundt om i landet den siste veka har fortalt om sine opplevingar.

Det starta då ordføraren i Klepp skildra hets og vald mot seg og familien og fekk massiv støtte frå mellom andre statsministeren og kommunalministeren.

PST kopla inn

Våren 2017 kjem eit brev heim i den private postkassen til Lindås-ordføraren. Det er frå nokon som meiner det er uakseptabelt at Byrknes har tatt inn ein flyktning som praktikant for at han skal få språkopplæring.

– Det var heilt klare truslar. Dei skulle ta meg. Eg var usikker på kor langt brevskrivarane var villige til å gå, seier ordføraren.

Allereie hadde eit planlagt asylmottak i kommunen hennar blitt påtent.

Byrknes gjekk rett til politiet med brevet. Dei kopla inn PST. Dette brevet har blitt knytt til ein mann busett på Austlandet.

Astrid Aarhus Byrknes på asylmottak-møte

VANSKELEG: – Eg er ikkje hardhuda. Truslane gjekk sterkt inn på meg, seier Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Her frå eit møte om asylmottak i kommunen.

Foto: Dag H. K. Andersen / NRK

Kjent med hets

Også tidlegare hadde Astrid Aarhus Byrknes fått hatbrev. Også då var det knytt til engasjement hennar for flyktningar.

– Det handla om korleis eg såg ut, kor ubrukeleg eg var og at eg måtte fjernast frå politikken.

Dette brevet veit dei ikkje kven som står bak. Likevel seier Byrknes ho er glad for at politiet har tatt henne på alvor.

– Eg vil gjerne rose Nordhordland lensmannskontor for korleis dei har handtert denne saka.

Hardare ordskifte

Byrknes har vore ordførar sidan 2007. Ho opplever at språkbruken mot politikarar har blitt stadig hardare.

– Vi opplever stadig oftare å bli skjelt ut på stand eller på gata. Folk kjeftar og legg vekk vanleg folkeskikk.

– Kva konsekvensar kan det få?

– Eg er redd for at stadig fleire vel vekk å engasjere seg politisk. Særleg gjeld dette unge og kvinner.

NRK har vore i kontakt med fleire sentrale politikarar i bergensområdet. Dei færraste har opplevingar som Byrknes. Men mange fortel om eit stadig hardare ordskifte. Særleg kjem det fram i sosiale medium.

Vendepunktet

Astrid Aarhus Byrknes seier ho var i tvil, men ho går for attval i den nye storkommunen Alver i haust. Ho minner seg sjølv på at ho har støtte hos folk flest.

Sjølv minnast ho ofte eit augeblikk på eit folkemøte i Lindåshallen i 2015. Der får ho mykje kritikk frå ei lita gruppe som er mot planane om asylmottak. Så reiser ein mann frå bygda seg.

– Han seier at no får det vere nok. Han støttar mitt syn. Så reiser dei aller fleste i hallen seg og klappar. Utan denne opplevinga hadde eg nok ikkje vore i politikken i dag.

Astrid Aarhus Byrknes

TRUSLAR: – Det var heilt klare truslar. Dei skulle ta meg, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK