Hopp til innhold

Ordførar skuffa etter vekklegging

Gulen-ordførar Trude Brosvik synest Økokrim si avgjerd i saka mot Trafigura er skuffande. No ber ho regjeringa sjå på lovverket.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

SKUFFA: Ordførar Trude Brosvik i Gulen vil ta kontakt med Erik Solheim for å sjå om det er mogleg å endre lovverket.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Eg synest det er negativt og skuffande, og eg trur det gjer noko med rettferdskjensla til folk. Det er vel ingen som er i tvil om at Trafigura har visst kva avfall dei leverte, seier Trude Brosvik.

Legg bort saka mot Trafigura

I 2007 eksploderte ein tank ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen. Kraftig svovellukt la seg over bygda, og førte til at fleire hundre menneske i området ble sjuke.

Vest Tank-eigarane vart dømde, men det var Trafigura som frakta giftig avfall og svovelhaldig bensin til Vest Tank sitt anlegg.

Men: Økokrim har etter etterforsking bestemt at dei ikkje vil gå til sak mot Trafigura i Norge.

Ber om endringar i lovverket

Etter fleire år med Vest Tank-sak hengjande over kommunen, er Trude Brosvik skuffa.

- Eg trur ikkje går på viljen til Økokrim. Men dei ser nok at lovverket ikkje er godt nok til å få dei dømde. Det er er rett vurdering av økokrim, men då må styresmaktene raskt på bana og ta initiativ til å betre lovverket slik at det tek vare på innbyggjarane, seier Gulen-ordføraren.

Ho meiner det eksisterer eit smutthol i lovverket, som gjer at store råvareforhandlarar kan prosessere i rom sjø - og at dei dermed ikkje blir handsama på same måte som leverandørar frå ein annan stat.

- Eg avventar no dagen i dag for å sjå om det hjem noko frå regjeringa. Kjem det ingenting, sender vi eit brev der vi ber Erik Solheim ta tak i lovarbeidet rundt dette, seier Brosvik.

Eksplosjon Sløvåg

EKSPLOSJON: Den kraftige eksplosjonen skjedde på Sløvåg i Gulen for tre år sidan.

Foto: Kåre Ness