Hopp til innhold

Ordførar-opprør mot lovforslag som «svekker» nynorsken

I eit opprop krev 120 ordførarar at elevar må få eit betre digitalt nynorsktilbod i skulen.

Reidun Sandøy Os, Nordstranda skule

BOKMÅL: Lærar Reidun Sandøy Os har ofte valet mellom å undervise på bokmål, eller la vere, når digitale hjelpemiddel skal nyttast ved Nordstranda skule i Gloppen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Eg tenkjer at dei har mykje meir å velje i enn det vi har, seier Reidun Sandøy Os.

Ho er lærar ved Nordstranda skule i Gloppen.

Som ved dei fleste skular, har digitale tilbod vorte ein del av skulekvardagen.

Men ikkje alle appar, pedagogiske spel og andre læringsressursar er å finne på nynorsk.

Det gir nynorsklærarar mindre valfridom enn bokmålslærarar, meiner Os.

I slutten av mars la regjeringa fram forslag til ny opplæringslov.

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge meiner lovforslaget heng etter den digitale utviklinga og slik svekker nynorsken.

Sjølv om det i dag er krav om at læremiddel skal vere på både nynorsk og bokmål, er det fleire digitale læringsressursar som ikkje kjem inn under kravet.

– Får ikkje nynorskelevane møte språket sitt også der, er det alvorleg for kvaliteten i opplæringa, meiner han.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner dei som produserer læremidla i dag utnyttar regelverket og at skiljet mellom læremiddel og læringsressurs er konstruert og kunstig.

– Situasjonen i klasseromma har endra seg dramatisk dei siste åra. Mindre og mindre skjer med penn og papir, meir og meir skjer bak skjermane, seier Peder Lofnes Hauge i Mållaget.

Foto: Tuva Åserud / Fotograf Tuva Åserud

Ein tredjedel har signert

Det såkalla parallellitetskravet seier at læremiddel skal kome til same tid og til same pris – både på bokmål og nynorsk.

Men dette gjeld ikkje digitale læringsressursar som appar, spel eller pedagogiske nettsider, som i dag er i bruk i skulen.

– Elevane blir eksponerte for så mykje bokmål i så mange andre samanhengar. Så i skulen kan dei gjerne få det som er knytt til undervisninga på nynorsk, seier læraren på Nordstranda skule.

Saman med Landssamanslutning av nynorskkommunar (LNK) har Mållaget teke initiativ til eit ordføraropprop for å få skuleeigarane – kommunane – med på laget.

120 ordførarar har skrive under på oppropet.

Les også Alexander vil slutte med nynorsk

Alexander Myklebust Barstad sit i ein blå hettegenser og les på ein iPad. Han har blondt hår. I forgrunnen ser vi andre studentar som ser på datamaskiner og i bakgrunnen ser ein tavla og nokre plakatar på veggane.

– Det er viktig for elevane i vår kommune at nynorskelevane har same moglegheiter som bokmålselevane, seier Sogndal-ordførar Arnstein Menes (Sp), som har signert oppropet.

Det same har Høgre-ordførar Morten Storebø i Austevoll.

– Utviklinga i undervisninga er at ein tek i bruk eit mangfald av digitale verktøy. Då er det viktig at dei er på den målforma som undervisninga skal bli gitt på, seier han.

Morten Storebø

Austevoll-ordførar Morten Storebø (H).

Foto: Natalie Mariell Elholm

Skal opp i Stortinget i juni

Etter at forslaget vart lagt fram forklarte statssekretær Kjetil Vevle (Ap) at det å utvide parallellitetskravet til å gjelde alle digitale hjelpemiddel er vanskeleg å handheve.

– Vi ønskjer å gi læraren meir pedagogisk og fagleg handlingsrom, forklarte Vevle til NRK.

Språkrådet har i sitt høyringssvar til lovforslaget teke til orde for å «lovfesta eit krav om at digitale læringsressursar som er utvikla med skulen som primærmålgruppe, skal finnast både på nynorsk og bokmål».

Samfunnskontakt Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Forleggerforeningen viser til at elevane har krav på å få opplæring på sitt eige skriftspråk.

– Det er viktig når skulane i aukande grad bruker ein kombinasjon av læremiddel og læringsressursar, at også læringsressursane er tilgjengelege på det skriftspråket eleven kjenner og er vant til.

Sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, Marit Himle Pedersen, meiner digitale læringsressursar skal vere på begge skriftspråk:

– Det er heilt avgjerande for å bevare likebehandlinga av skriftspråka vi har. Å definere noko som læremiddel og noko anna som læringsressursar, blir ei omgåing av parallellitetskravet.

Lovforslaget skal behandlast i Stortinget i juni.