Ei knapp veke etter at fleire ordførarar i Vestland i eit skarpt brev bad regjeringa om nasjonale koronareglar, la statsminister Jonas Gahr Støre fram nye retningslinjer tysdag formiddag.
Då varsla han at alle over 18 år skal få tilbod om oppfriskingsdose innan påske, og at regjeringa innfører nasjonal anbefaling om munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand.
VAKSINE: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at det viktigaste tiltaket no er å vaksinera seg.
Foto: Torstein Bøe / NTB– Skuffa
Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H), er skuffa over tiltaka.
– Eg trur ikkje brevet vårt hadde så mykje å seie, så eg føler ikkje me har blitt høyrt. Dei skyv ansvaret tilbake til kommunane, seier Indrevik.
I tillegg kunne Øygarden-ordføraren ynskja seg ein kompensasjonsordning for næringslivet.
Partikollega og ordførar på Askøy, Siv Høgtun, seier ho er glad for fokuset på vaksinering, men er samd med Indrevik om at eit påbod om munnbind hadde vore betre.
– Anbefalingane blir for vage. Mobiliteten i samfunnet er mykje større no enn for eitt år sidan, og då er det endå viktigare at me har eit påbod i heile landet, seier ho.
Både Askøy og Øygarden har den siste tida hatt ein aukande smittetrend.
– Eg er glad for at ein no strammar til, men staten må gjere det forutsigbart også for næringslivet, seier Beate Marie Dahl Eide (Sp), som er ordførar i Seljord kommune.
Kommunen med 2900 innbyggarar har hatt 33 smittetilfelle dei siste 14 dagane.
Ordføraren legg til:
– Eg er bekymra for konsekvensane om vi ikkje får på plass kompensasjonsordningar. Det nærmar seg jul. Folk er meir bekymra for å bli smitta, havne i karantene og konsekvensane det kan få.
MUNNBIND: Ordførar på Askøy, Siv Høgtun, seier ho hadde håpa på eit nasjonalt munnbindpåbod.
Foto: Andrea A. Krüger / NRKHar sagt dette i tre-fire veker
Hammerfest har hatt 418 smitteregistreringar dei siste 14 dagane.
– Vi i Hammerfest kommune har eigentleg anbefalt dette i tre-fire veker, seier ordførar Terje Wikstrøm (Ap).
Jonas Andersen Sayed (KrF), ordførar i Sokndal, er meir positiv:
– Kommunikasjonen nasjonalt dei siste vekene har vore passiv og tvitydig, men nå skjer det endeleg noko. Vi står midt i eit utbrot lokalt, og eg vedtok i går kveld forskrift om karantene som er strengare enn det regjeringa no legg opp til.
Ordførar i Trondheim Rita Ottervik (Ap) seier dei har fullt trykk på vaksinering og vil gjere alt dei kan for å gjennomføre regjeringa sine nye krav om meir effektiv og tilgjengeleg vaksinering mot koronavirus.
– Slik vaksineringa er organisert i Trondheim meiner eg dette både er ønskjeleg og gjennomførbart, seier ho til NRK.
Håpa på koronasertifikat
Førre veke sa politikarane i Tromsø nei til å innføra koronasertifikatet på grunn av personvern. Kommuneadministrasjonen står framleis ved den vurderinga.
– Eg hadde rekna med, og håpar at det snart kjem noko nytt. I Europa har dei fått på plass ei løysing som skjuler helseopplysningane, for det er det som er viktig, seier ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap).
SOM FORVENTA: Ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap).
Foto: Terje Pedersen/NTBOdd Erik Holden (Sp) er ordførar for 3200 innbyggarar i Øystre Slidre. Kommunen har hatt 48 smitteregistreringar dei siste 14 dagane.
– Anbefalingane er som forventa, men skal dei ha nokon effekt må kvar enkelt av oss følge råda som regjeringa kjem med. Det er bra at det blir sett trykk på vaksineringa, men det stiller krav til god planlegging ute i kommunane.