Ordførar kritiserer Statnett

Småkraftverk står meir eller mindre bortkasta i Lærdal. Ordførar Jan Geir Solheim er kritisk til Statnett.

– Eg synest ikkje slikt er greitt. Eg tykkkjer rein norsk energi som vi kan produsere må kome forbrukarane til gode. Det som no skjer er at vi ikkje kjem ut på nettet og at forbrukarane må betale for at kraftverket står, seier Solheim.

 Nivla kraftverk

LITE POENG: Det nybygde Nivla kraftverk (biletet) fører til at produksjonen i Stuvane kraftverk blir sterkt redusert på grunn av manglande transformatorkapasitet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I dag er det rundt 400 småkraftverk med konsesjon som ikkje blir bygd ut på grunn av for låge straumprisar og manglande kapasitet på transformatorstasjonar og leidningsnett.

I Lærdal er kraftproduksjonen i eit småkraftverk no kraftig nedsett etter at Nivla kraftverk kom i drift. Dette er på grunn av manglande transformatorkapasitet, Solheim er overraska.

– Eg har jo faktisk trudd at det var bestilt og skulle kome ny transformator på Borgund, men no kjem det jo fram at det ikkje er gjort. Det overraskar meg.

Ikkje godt nok

Statnett har tidlegare hatt planar om å bygge ny transformatorstasjon i Borgund, men har lagt utbygginga på vent fordi dei er usikre på ei utbygging vil vere samfunnsøkonomisk lønnsam. Det er Solheim kritisk til.

– Det som skjer er at vi slepp vatnet forbi turbinar som kunne produsert rein norsk energi. Vi har hatt ei ordning i Noreg der vi skal bygge grøn kraft fram mot 2020, alle kommunar prøver å legge til rette for det, også vi i Lærdal. Difor synest eg ikkje argumentet til Statnett er godt nok, seier han.

Ventar på tilbakemelding

Tor Inge Akselsen

TILBAKEMELDING: Tor Inge Akselsen seier dei lokale aktørane å sende ei tilbakemelding på kor stor utbygginga i området blir, før Statnett kan vurdere å skifte ut transformatoren.

Foto: Statnett

Direktør Tor Inge Akselsen i Statnett seier dei er avhengig av tilbakemelding frå lokale aktørar før dei kan vurdere å bygge ny transformatorstasjon. Då dei må vurdere om utbygginga er samfunnsmessig lønsam. Akselsen seier at dei lokale aktørane er klar over dette.

– Det at vi ventar på tilbakemelding har vi gitt beskjed om og alle aktørane skal difor vere klar over det. Eg vil ikkje delta i nokon form for diskusjon om skuldplassering, det fører ingen stad. Det som er viktig er at vi ser framover, og det vi manglar er tilbakemeldinga

Bør tenkje framover

Ei kartlegging NVE gjorde i 2014 viste at om lag ein tredel av kraftverka som hadde konsesjon var sett på vent på grunn av at det ikkje var bygd ut nett. Solheim meiner Statnett bør ligge i forkant av utviklinga.

– Det er Statnett som driv overføringsnetta i Noreg, og dei bør vere i framkant og sjå at produksjonen aukar. Miljømessig er dette forkasteleg.

Kan ta tid

Per Gullaksen

VENTAR PÅ SVAR: Per Gullaksen seier det kan ta tid å gi tilbakemelding til Statnett, då grunneigarane og NVE først må kome fram til sine avgjerder.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Dagleg leiar Per Gullaksen i Lærdal Energi skjønar at Statnett ventar på tilbakemelding, men trur det kan ta tid før den er klar.

– Det vi kan rekne med no har vi allereie gitt tilbakemelding på, det er det som alt er bygd ut. Men framleis er det mange grunneigarar som ikkje har bestemt seg.