Hopp til innhold

Ordførar beklagar utsegner etter brann

Bremanger-ordførar Audun Åge Røys beklagar no uttalen som vart oppfatta som mistillit mot brannvesenet.

Audun Åge Røys

BEKLAGAR: Ordførar Audun Åge Røys i Bremanger seier han har full tillit til det arbeidet brannvesenet i kommunen gjer.

Foto: Alf Vidar Snæland/Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Vestlandsrevyen måndag sa ordførar Audun Åge Røys dette i ei sak om at brannvesenet i Svelgen mangla vatn til sløkking:

– Det er veldig alvorleg viss dei har for lite vatn til å drive sløkking, men no er det ikkje nødvendigvis leidningsnettet som er problemet. Eg trur det er mange faktorar som spelar inn. Varslingsrutinar og slikt. Og så tenker eg at elva renn tett attmed, så det er jo moglegheiter der også i ei krise, sa han.

Dette reagerte mellom anna brannoffer Lex Muller på.

I ei pressemelding i dag seier ordførar Audun Røys at han på det sterkaste beklagar utsegnene kunne oppfattast som mistillit til brannvernet i Bremanger.

– Dette var ei form for synsing om brannvernet sitt arbeid som eg ikkje er kvalifisert til å drive med.

Han seier han har full tillit til det arbeidet som blei gjort då det byrja i brenne i romjula.

– Vi har veldig god brannberedskap i Bremanger kommune, og mannskapa er topp kvalifiserte og gjer ein fantastisk jobb. Eg har full tillit til arbeidet som vert gjort. Det har heller aldri frå politisk side vore satsa meir på brannordninga i kommunen enn gjennom budsjettet for 2016.

Han seier at vassforsyninga stort sett er god i kommunen, men at dei har utfordringar einskilde stader med gammalt leidningsnett.

– Det vert jobba kontinuerleg med å forbetre dette, men det tek sjølvsagt tid før alt er på stell. Det er mellom anna sett av millionbeløp til utbetring av leidningsnettet i Svelgen. I mellomtida ser vi på kortsiktige løysingar for å betre vasskapasiteten til brannvernet.

Brannvesenet hadde store problem med å få fram nok vatn, under brannen i Svelgen sentrum før helga. Lensmannen frykta at det skulle utvikla seg til ein storbrann, på nivå med Lærdalsbrannen.

SJÅ TV-SAKA: Brannvesenet hadde store problem med å få fram nok vatn, under brannen i Svelgen sentrum før helga. Lensmannen frykta at det skulle utvikla seg til ein storbrann, på nivå med Lærdalsbrannen.