Oransje farevarsel: – Berre gå ut om du må

Den kraftige vinden er forventa inn mot landet tidleg fredag morgon og kan bli så intens at det er utløyst oransje farevarsel.

Oransje farevarsel frå meteorologisk institutt

ORANSJE VARSEL: Torsdag varslar Meteorologisk institutt om kraftig vind i den sørlege delen av landet fredag.

Foto: Meteorologisk institutt

– Vindkasta kan nå ein fart mellom 25–30 meter i sekundet, seier statsmeteorolog Håkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt.

Dette betyr ein fart på oppimot 110 kilometer i timen.

Fare for trefall og flygande lause gjenstandar gjer at folk bør «halde att ferdsla utandørs», seier Mjelstad.

– Alt vil ta lengre tid, spesielt om du skal ein stad langs vegen. Derfor bør du vurdere grundig i kva grad du må utanfor døra.

Den kraftige vinden er forventa inn mot landet tidleg fredag morgon og kan bli så intens at det er utløyst oransje farevarsel. Det er det nest høgaste nivået for vindkast.

Forholda vil vare utover heile dagen, men blir kraftigast på ettermiddagen. Inn mot nattetimane mot laurdag vil vinden stilne.

Laster Twitter-innhold

Vil gje kraftig vind over fjella

Årsaka til vinden er «eit ganske hurtiggåande lågtrykk» som kjem vestfrå. Lågtrykket går i land i Trøndelag, og vil gje kraftig vind over fjella i Sør-Noreg.

Dette kan gi stengde fjellovergangar, spesielt i retning vestlandet.

Sørlandet og den vestlege delen av Austlandet vil bli hardast ramma av vinden.

– Det er desse områda vi er mest bekymra for, seier Mjelstad.

Ein mogleg konsekvens er tre som fell over ende.

– No står det eigentleg berre att å førebu seg på det som kjem, seier han, og legg til at fleire fjellovergangar «antakelegvis blir stengd».

Til sist oppfordrar han folk til ikkje å la gjenstandar ligge laust utandørs.

– Det er ikkje akkurat trampolinesesong, men slike ting og andre lause gjenstandar bør bli festa ordentleg.