Hopp til innhold

Opprykk kostar dei mellom tre og fire millionar

Held Florø fram med sigersrekkja i 2. divisjon fotball blir det opprykk til 1. divisjon neste år.

Arild Melvær og Terje Rognsø

DRIV KLUBB PÅ DUGNAD: Styreleiar Arild Melvær og hovudtrenar Terje Rognsø.

Foto: Stein Aase

Det betyr ein brutal overgang frå ein breiddeorientert klubb til norsk toppnivå. Klubben går frå amatør til proffnivå på alle område. Økonomisk betyr det utfordringar i millionklassen.

– Skal vi tilsette både trenar og dagleg leiar betyr det at vi må auke budsjettet vårt med tre- fire millionar kroner, seier styreleiar i FSK, Arild Melvær.

Norges fotballforbund stiller store krav til klubbane på dei to høgste nivåa, og har utforma eit omfattande planverk som klubben må innfri. Alt frå bane, tribune og garderobefasilitetar til arrangement og vakthald.

Kvantesprang

Florø driv i dag 2. divsjonsklubben på dugnad, og har klart å snu underskot til overskot. Opprykk blir eit kvantesprang for drifta av klubben som pr. i dag ikkje har ein einaste tilsett.

– Vi har i mange år no drive rovdrift på hovudtrenar Terje Rognsø, men vi kan ikkje halde fram på denne måten. Det får vi heller ikkje lov til av forbundet, seier Melvær.

Må bygge organisasjon

Opprykk eller ikkje for dugansklubben, så er trenar Terje Rognsø klar på at det no må gjerast noko med organisasjonen.

– Og slik sett hadde eit opprykk til 1 divisjon vore eit høve til å gjere det. Når ein rykkjer opp får ein tilgang til betre økonomi, og det ville gitt oss moglegheit til å bygge ein organisasjon som gjer oss betre rusta til å møte stor og små utfordringar i framtida, seier Rognsø.

Akkurat no ser det meste ut til å gå Florø sin veg. I helga vann dei 7–0 over erkerivalen Førde.

– Skuta er på rett veg. Det var veldig gjennomført det vi gjorde mot Førde. Det var ein periode eg var litt fortvila over at vi ikkje scora fleire mål, men 7–0 mot Førde er trass alt bra, seier Rognsø.

Tar ikkje sigeren på forskot

Det går mot ein spanande serieavslutning i 2. divisjon i år. I nest siste kamp i år møter Florø Nest-Sotra. Dei to laga ligg no likt med like mange poeng, og like mange plussmål, men Florø har scora to mål meir enn Nest-Sotra.

– Viss vi skulle rykke opp, og eg seier viss, for det er mange kampar igjen og det er så jamt at det er lite som skal til for at endar som nummer to, seier Melvær.

For sjølv om entusiasmen no er på topp i kystbyen, hugsar trenar Terje Rognsø framleis korleis det gjekk for to år sidan.

– Då vi var nyopprykka til 2. divisjon var vi på topp til ferien, men då fiksa vi det ikkje. Eg trur vi lærte mykje den perioden. Det gjeld å halde fokus på neste kamp, seier Rognsø.