Hopp til innhold

Ein månad etter at dei tok over pasientreisene, har taxiselskapet fått over 30 klagar

VOSS (NRK): I fleire tiår har det lokale taxiselskapet køyrt pasientane. No rasar bygdefolket og Sykehusinnkjøp HF startar undersøkingar mot Christiana Taxi.

Magnar Gjernes bruker pasienttransport på Voss

BØY OG TØY: Pensjonist Magnar Gjernes bur to og ei halv mil frå sentrum i Voss herad. Fire dagar i veka treng han skyss att og fram til fysioterapitrening, men ikkje alltid kjem transporten som bestilt. Det gjorde den denne gongen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I både Oslo og Bergen har drosjesentralane Oslo Taxi og Bergen Taxi blitt prisa ut av konkurransen om pasientreiser.

NRK har i fleire omgangar skrive om utfordringane etter at Norgestaxi og Christiania overtok pasientkøyringa på billige kontraktar i dei to byane.

1. februar tok Christiania Taxi Bergen over pasientkøyringa også på Voss.

I distriktskommunen med knappe 15.000 innbyggjarar har selskapet verken bilar eller sjåførar frå før. Løysinga har vore avtalar med fleire underleverandørar.

Magnar Gjersnes nyttar pasienttransport på Voss

BETRE FØR: Magnar Gjernes har timar på Vossevangen og på Hagahaugen fire dagar i veka. Pensjonisten nyttar gåstol og synest pasienttransporten var enklare før.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

32 klagar på under ein månad

Men overgangen i vinterbygda har ikkje berre vore enkel.

Bytet frå Voss taxi, som har hatt pasientreiser sidan tusenårsskiftet, har utløyst eit skred av klager frå innbyggarar, frivillige og behandlarar.

– Tilbakemeldinga er at både brukarar og terapeutar opplever at drosjane ikkje kjem til avtalt tid. Timar blir utsette og avlyste, seier Jon Fredrik Sletner, avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta i Voss herad.

Mellom 1. og 26. februar har Helse Bergen mottatt 32 klager og avviksmeldingar, opplyser leiar for pasientreiser Ann-Mari Høiland.

NRK kjenner til at fleire private terapeutar den siste tida har begynt å fakturera helseføretaket fordi pasientane ikkje møter opp.

– Mange har forståing for at ein ny aktør treng tid, men mange er frustrerte over at ting som før fungerte greitt, ikkje lenger fungerer, seier Sletner.

Kjellfrid Skutlaberg og Kristin Kvåle Kjeilen ved frivilligsentralen på Voss

FRIVILLIGE: Kjellfrid Skutlaberg og Kristin Kvåle Kjeilen ved frivilligsentralen Nabobeino på Voss.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Må ha transport fire dagar i veka

– Eg synest tilbodet er tragisk dårleg. Mange av pasientane har opplevd å bli ståande ute i kulda og venta forgjeves. Konsekvensen er at folk avbestiller pasientreisa og heller nyttar TT-kort eller spør pårørande. Det er leitt, seier dagleg leiar ved frivilligsentralen på Voss, Kristin Kvåle Kjeilen.

Sentralen leiger ut lokala til fysioterapigrupper.

– Sidan 1. februar har mellom to og fire pasientar, kvar dag, vore forseinka. Hadde det vore enkeltepisodar kunne me akseptert det, men det er det ikkje.

Pensjonist Magnar Gjernes er blant dei som har måtta ringa og avlysa timen. Pensjonisten er busett på Vossestrand, dryge 25 km frå sentrum, og er avhengig av transport fire dagar i veka.

– Eg og ein annan vart ståande i to timar for nokre veker sidan. Det var betre før, seier Gjernes, før han får hjelp av sjåføren til å setja seg inn i ein av elbilane i bilparken.

Daniel Skodje Skaar, Voss taxi

KRITISK: Styremedlem Daniel Skodje Skaar i Voss taxi.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Taxiforbundet trugar med sak

I konkurransereglane i anbodet som Sykehusinnkjøp HF lyste ut, er tildelingskriteria vekta nitti prosent på pris og ti prosent på miljø.

  • «Oppdragsgiver anser det som fordelaktig dersom tilbyders kjøretøypark består av nyere kjøretøy», heiter det i avtalen.

Men konkurrentenn Voss Taxi og Norges Taxiforbund i Hordaland meiner bilparken til Christiania Taxi ikkje oppfyller krava.

Difor har forbundet bede Sykehusinnkjøp, som har inngått avtalen på vegner av Helse Bergen, å undersøka kva bilar som faktisk transporterer pasientane.

– Me meiner bilane som blir nytta er av ein eldre karakter enn det som blir skissert i tilbodet, seier styremedlem Daniel Skaar Skodje i Voss Taxi.

I eit brev sendt frå advokatfirmat Myhre blir påstanden støtta av ei rekkje bilete av bilane som Christiania Taxi nyttar på Voss.

  • «Dersom Christiania Taxi hadde tilbudt de aktuelle bilene i konkurransen, ville sannsynligvis tilbudet fått en lav score eller blitt avvist», skriv advokat Robert Myhre på vegner av Norges Taxiforbund Hordaland, som opnar for klage til KOFA eller rettslege skritt.

Sykehusinnkjøp har no bestemt seg for å undersøka saka, seier divisjonsdirektør Jannicke Daae Tønjum. Fristen er sett til 21. mars.

– Me har hatt eit innleiande møte med leverandøren, og vil halda fram denne dialogen til undersøkinga blir avslutta.

Mona Bratland foran taxi som kjører pasientreiser på Voss

SKEPTISK: Mona Brattland hadde ei ubehageleg reise til Haukeland i februar. Ho er ikkje imponert over den nye drosjeaktøren i bygda.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Brukte ti timar til Haukeland

Men det er ikkje berre konkurrentane som meiner bilparken er utdatert.

NRK har snakka med fleire pasientar som opplever at turane med aktøren er utrygge. Årsakene er sjåførar med lite kjennskap til området, slitne eller lite praktiske køyretøy og at bilane rett og slett ikkje dukkar opp.

Avisa Hordaland har skrive fleire saker om dårleg skodde bilar og pasientar som skildrar gamle og slitne bilar.

Mona Brattland fortalde til avisa at ho og resten av følget brukte ti timar då dei skulle til timar på Haukeland sjukehus i Bergen i februar.

– Det var gaffateip i taket og dører som rista. Viss eg får den same bilen igjen, betalar eg heller reisa sjølv. Eg set meg ikkje inn. Aldri meir, seier Brattland.

Hasnat Ahmad i Christiania Taxi

AVVISER KRITIKK: Dagleg leiar i Christiania Taxi Bergen og Trondheim, Hasnat Ahmad.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Avviser påstandar om bilpark

Dagleg leiar i Christiania Taxi Bergen og Trondheim, Hasnat Ahmad, avviser at selskapet nyttar eldre bilar som ikkje er i forskriftsmessig stand.

– Dette er ikkje riktig. Christiania Taxi har ein bilpark med nyare bilar som er miljøvennlege og i forskriftsmessig tilstand.

Han skriv i ein e-post at selskapet på overordna nivå er fornøgde med kvaliteten på turane som er gjennomførte på Voss, men vedgår at det er enkelte avvik dei skulle vore forutan.

– Eg ønskjer å legga til at nokre av desse avvika til dels også skuldast forhold som ligg utanfor vår kontroll. Mykje vêr og dårleg brøyting kan føra til forseinkingar.