Hopp til innhold

Opprettar sak etter vald mot kvinne ved Bergen busstasjon

Mannen i 50- åra som er mistenkt for å ha vore valdeleg mot ei kvinne ved Bergen busstasjon, er sett i arresten.

Like før halv fem melde ei kvinne at ho hadde blitt utsett for vald av ein rusa mann i 50- åra. Ho er ikkje alvorleg skadd, men blødde naseblod.

Politiet melder at det er teke avhøyr at det blir oppretta sak.