Hopp til innhold

Opprettar hundrevis av nye mottaksplassar i år

UDI har varsla hastetiltak for å skaffe nok mottaksplassar i Norge. Berre i Hordaland aleine skal minst 180 nye plassar vere klare innan året er omme.

Arna mottak

30 NYE PLASSAR: Arna mottak i Hordaland er ein av mange asylmottak som må auke sin kapasitet i månadene framover.

Foto: Tom Arne Moe / NRK

I dag kalla Utlendingsdirektoratet (UDI) inn til pressekonferanse for å gjere greie for flyktningtala den siste tida. 2313 asylsøkjarar kom til Noreg i august, det høgste talet på ein månad sidan Bosnia-krigen.

No aukar UDI talet på mottaksplassar over heile landet for å sikre at alle flyktningar får ein stad å bu. Berre i Hordaland aleine skal minst 180 nye plassar vere på plass innan nyttår. Det blir også oppretta åtte nye asylmottak i Nord-Norge.

– Vi har ei veldig høg tilstrauming av asylsøkjarar. Det er eit brått skifte som har skjedd dei siste månadene, og særleg i august, sa direktør i UDI, Frode Forfang, på pressekonferansen føremiddag.

– Det er ein ekstraordinær situasjon

Eli Størset, Hero Norge AS
Foto: Hero Norge AS

Hero Norge AS er ein av bedriftene som driv flest asylmottak i Noreg. Dei merkar godt at mengda flyktningar har auka.

– Vi må auke kapasiteten i våre mottak, og etablerer nye, mellombelse plassar over heile landet, fortel personal- og organisasjonsdirektør i Hero Norge AS.

– Det ein spesiell og ekstraordinær situasjon, trass i at vi er vane med å skalere opp og ned kapasiteten, seier Størset.

Må tilsette fleire

Mange av dei nye plassane som blir oppretta dei neste tre månadene er såkalla opsjonsplassar. Dette er mellombelse mottaksplassar som UDI kan løyse ut når dei ser ekstra behov, og fungerer som ein slags "buffer". Mange mottak over heile landet har fått beskjed frå UDI om at dei no ønskjer å løyse ut opsjonsavtalane.

– Det betyr at vi no er inne i ein prosess der vi leitar etter bygningar over heile landet, slik at vi kan sikre at alle asylsøkjarane som kjem får ei butilbod. Det er hektiske dagar, og vi må tilsette fleire i tida framover, fortel Størset.

Tar i mot 30 nye i oktober

Tonni Helland Hansen, Arna mottakssenter
Foto: Privat

I Hordaland skal Hero Norge AS opprette 60 nye plassar innan året er omme. 30 av dei skal vere ved Arna mottakssenter, som no har ein månad på seg før plassane skal stå klare. I dag bur der 180 personar.

– Eg trur mottaksleiaren arbeider nesten døgnet rundt akkurat no. Heldigvis har vi eit godt nettverk, og vil vere klare for å ta i mot 30 nye flyktningar den 1. oktober. Alle mogelegheiter blir undersøkt, fortel sosialkonsulent og nestleiar ved mottaket, Tonni Helland-Hansen.

Også privatpersonar har tilbydt hjelp og bistand i arbeidet, noko som blir sett stor pris på av Helland-Hansen og dei andre tilsette ved mottaket.

– Det er fantastisk at så mange bryr seg, og godt for oss alle at det er sånn. Vi treng ikkje så mykje ting og tang, men vi det hadde vore fint om endå fleire vil ta kontakt med dei som bur her. Kanskje til eksempel nokon som har same yrke som ein sjølv, seier Helland-Hansen.

UDI kjem til å kome med endå nye utlysingar om asylmottak i alle regionar av landet. Det endelege talet på nye mottaksplassar er difor ikkje avgjort.