Hopp til innhold

Oppretta fleire nye bussruter

Onsdag la samferdslepolitikarane ned 25 bussruter i fylket. Same dag oppretta dei fleire nye etter oppmoding frå ungdom.

Knut M. Olsen

Leiar i samferdsleutvalet, Knut M. Olsen (Sp).

Foto: NRK

I alt opprettar samferdsleutvalet fleire nye bussruter frå 1. mai i år. Rutene blir som ei prøveordning i eitt år. Med stor bruk av rutene, blir dei verande.

LES OGSÅ: KUTTA 25 BUSSRUTER

Lytta til ungdom

Fleire av rutene kjem som følgje av oppmodingar frå ungdom, seier utvalsleiar Knut M. Olsen (Sp). Mellom anna blir det buss to dagar i veka mellom UWC og Dale i Fjaler.

- Det vil føre til større grad av integrasjon mellom dei to samfunna og også at ungdom på UWC kan delta på aktivitetar i Dale sentrum, seier Olsen.

Ny avgang i Solund

Utvalet vil bruke 400 000 kroner på å prøve ut nye ruter. Andre døme er ei laurdagsrute mellom Svelgen og Florø og gjennomgåande rute langs panoramavegen mellom Stryn og Eid på nordsida av Nordfjorden. Det blir også oppretta ny ferjeavgang over Ytre Steinesund i Solund.

- Dette er ei laurdagsrute som gjer at ein kan nå første ferja inn til land frå Krakhella. Dermed kan ein på lik linje med andre folk i fylket bruke laurdagen til dømes på ein tur til Førde eller andre stadar i fylket, seier Olsen.

Nye ruter i Sogn og Fjordane

Framkomstmiddel

Frå

Til

 

 

Buss

Værlandet og Bulandet

Hillersøy

 

 

Buss

Svelgen

Florø

 

Laurdagar

Buss

Haugland

Dale

 

 

Buss

Balestrand

Førde

Om sentralsjukehuset

 

Buss

Hardbakke

Krakhella

Stopp på Eide

 

Buss

Leversund

Sollibotn

 

Onsdag eller søndag

Buss

Stryn

Eid

 Panoramavegen

 

Båt

Kolgrov

Utvær

Ti nye tingingsruter

 

Ferje

Haldorsneset

Daløy

 

 

Buss

 Førde

 Askvoll

 

Fredag kveld kl 18.20

Ekspander/minimer faktaboks