Hopp til innhold

Meiner byråden kan takke seg sjølv for korona-bråket

Allereie i august etterlyste Høgre og SV i Bergen tettare dialog med byrådet om koronatiltak for smittebølge nummer to. No meiner dei tilliten til byrådet er svekka.

Harald Victor Hove, Roger Valhammer og Mikkel Grüner

BERGENSPOLITIKARAR: F.v. Harald Victor Hove (H), byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og Mikkel Grüner (SV).

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det har vore heftig debatt om handteringa til byrådet i Bergen etter at dei 5. november varsla dei strengaste smitteverntiltaka i byen og sju omegnskommunar sidan mars.

Spesielt har forbodet mot samankomstar med over fem deltakarar skapt reaksjonar.

Jusprofessor Hans Fredrik Marthiniussen meiner forbodet bryt med menneskerettane. Han skuldar byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) for å lyge om kva for juridisk vurdering tiltaket har, og meiner Valhammer må gå av.

– Den situasjonen er det han sjølv som har stilt seg i, ingen andre, seier Harald Victor Hove, gruppeleiar for Høgre i Bergen, om byrådsleiaren.

Hove seier at tilliten til byrådet no er svekka.

– Det er opp til Valhammer no å gjenreise tilliten som bør vere der til den øvste kriseleiinga i byen.

Hans Fredrik Marthinussen

KRITISK: Jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen mener at forbodet mot å samle fleire enn fem personar bryt med menneskerettane.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Etterlyste involvering i august

Høgre-politikaren meiner at krangelen om fempersonsregelen kunne ha vore unngått om byrådet involverte dei folkevalde i Bergen bystyre før den nye smittebølga kom.

Allereie 17. august sende Høgre og SV eit brev til Valhammer der dei etterlyste betre samarbeid mellom byrådet og bystyret.

Men det samarbeidet blei det lite av, ifølgje Hove.

Då den harde innstramminga i Bergen blei varsla torsdag 5. november, gjekk det enno fem dagar før gruppeleiarane i bystyret fekk ei orientering frå byrådet.

– Vi ønska ein plan til bystyret slik at vi hadde diskutert oss gjennom tiltaka i forkant av smittebølge to slo inn over oss, seier Hove.

– Då ville politisk einigheit vore på plass før byrådet skulle gjennomføre tiltaka. No blir dette umogleg sidan forskrifta blir skriven under ein pågåande smittebølge. Då er tida knapp og byrådsleiaren må bruke tid på debatten om debatten heller enn å føre byen heilskinna gjennom ei krise, held han fram.

Harald Victor Hove i Bergen Høgre

– SVEKKA TILLIT: Harald Victor Hove, gruppeleiar for Høgre i bystyret, seier at tilliten til byrådet er svekka.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Usamde om oppfølging

Det er Jarle Brattespe frå Bergen SV samd i.

– Gjennom å offentleggjere dei relevante dokumenta og informere bystyret, kunne byrådsleiaren ha unngått litt av problema han står i no, seier han.

Om førespurnaden frå Høgre og SV i august svarar Valhammer at dei i haust sende fleire saker til bystyret.

I innstillinga for bystyremøtet i september stod det derimot ikkje noko om inngripande tiltak og reglar for befolkninga, men tiltak kommunen sjølv gjorde for å sikre tilgang på helsepersonell og testkapasitet.

– Den invitasjonen som vi framsette saman med SV har ikkje byrådsleiaren tatt, og det gjer at han står lagleg til for kritikk no, seier Hove.

Han seier han ønskjer dialog med bystyret og gjerne møter oftare med midlertidig koronautval (MOKU), dersom dei ønskjer det.

Valhammer meiner opposisjonen ikkje har komme med eigne forslag og oppmodar dei til å gjere det.

– Dei må bli meir tydelege på kva dei ønskjer konkret, seier byrådsleiaren.

Fredag kjem byrådet med ei ny vurdering av smitteverntiltaka i Bergen og omegn.

Erkjenner han må gjere ting annleis

Tysdag denne veka vart Valhammer utfordra av bystyret på prosessen rundt avgjersla om fempersonsregelen. Han svara med å sende eit notat forfatta same dag om vurderingane som hadde blitt gjort.

Det var ikkje SV nøgd med, og fekk bystyret med på å krevje oversendt dokumentasjon gjort dei dagane vurderinga blei gjort. Framover må byrådet også dokumentere grundigare kva vurderingar dei gjer .

Valhammer seier at han forstår at det kjem kritikk rundt handteringa, men meiner dei har sitt på det tørre rundt innføringa av fempersonsregelen.

– På den eine sida meiner vi at vi har gjort vurderingane og at tiltaka er nødvendige og riktige i den kritiske situasjonen byen står i. Samstundes erkjenner eg at vi må gjere ting annleis framover enn vi har gjort til no, ut ifrå debatten siste veka, seier byrådsleiaren.