Sogndal leda 2-1 heilt til slutten av kampen etter skåringar av Håvard Flo og Kim Rune Hellesund. SIL imponerte i periodar framfor 720 tilskodarar.
4-2-4-system
Det knytte seg fleire spenningsmoment til det nye Sogndalslaget i den første kampen under trenar Trond Fylling. Trond Fylling har lagt om til eit 4-2-4-system som fungerte svært bra mot Gøteborg.
Gode takter
Sjølv om IFK nett har starta sesongoppkøyringa framfor Royal League, viste SIL takter som lovar godt framfor 1. divisjon. Svenskane hadde ballen meir enn Sogndal men SIL skapte flest klare sjansar.
Flo imponerte
Håvard Flo imponerte med både fart og teknikk. På midtbana skapte den nye svensken Joel Cedergren større defensiv tryggleik. Cedergren stod fram som ein ballvinnar og kan bli den spelaren SIL treng for å få betre balanse i laget.
Sogndals beste
Terje Flugheim debuterte som midtstoppar etter tilbakekomsten frå Fjøra og vart kåra til Sogndals beste. Flugheim spelte 1. omgang med nigerianske John som nett er komen til Sogndal. Det samspelet fungerte tildels svært bra. Både Kouakou og Børre Stenslid hadde gyldig forfall til kampen.
Mykje tyder dermed på at konkurransen om ein plass på årets SIL-lag vert større enn i fjoråret.