Hopp til innhold

Opplever ny støtte etter angrepet på Charlie Hebdo

– Spesielt har det som statsminister Erna Solberg har sagt, varma: At me fekk for lite støtte i 2006. Det har betydd mykje, ikkje minst for kona mi, seier Vebjørn Selbekk.

Vebjørn Selbekk

AUKA STØTTE: Dagen-redaktør fekk kraftig kritikk frå fleire hald då han som redaktør for Magazinet i 2006 publiserte tolv Muhammed-karikaturar. – Det blir sagt langt meir hyggelege ting no enn det blei i 2006, seier Selbekk.

Som redaktør for det dåverande Magazinet publiserte Vebjørn Selbekk i 2006 tolv karikaturteikningar av den islamske profeten Muhammed. Det medførte sterke reaksjonar, og redaktøren fekk også fleire drapstrugslar i ettertid.

Charlie Hebdo

CHARLIE HEBDO: Teiknarane Georges Wolinski, Cabu, Tignous og Charb, som også var bladets redaktør, var blant dei drepne i angrepet.

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

Etter angrepet på redaksjonen til det franske satiremagasinet Charlie Hebdo, har Selbekk gitt mellom 40 og 50 intervju til norsk og internasjonal presse. Han meiner å bli møtt på ein heilt anna måte no, enn då han sette Muhammed-teikningane på trykk i 2006.

– Det blir sagt langt meir hyggelege ting no enn det blei i 2006. Det skulle for så vidt ikkje så mykje til.

– Spesielt har det som statsminister Erna Solberg har sagt, varma: At me fekk for lite støtte i 2006, og at me ikkje gjorde noko anna enn å syne kva saka handla då me publiserte teikningane. Det har betydd mykje, ikkje minst for kona mi.

LES OGSÅ: Selbekk: En bekmørk dag for ytringsfriheten

  • Sjå heile intervjuet med Vebjørn Selbekk i videoen øvst i saka

Angrar på blasfemi-leiar

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk

Vebjørn Selbekk seier det var feil av han å støtte ein blasfemiparagraf i det norske lovverket for ti år sidan.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Å publisere karikaturteikningar som kan støte religiøse, er ikkje noko poeng i seg sjølv, og ikkje noko han har gjort for å krenke kristne eller muslimar, seier Selbekk.

– For meg har det aldri vore noko poeng å syne teikningar for å syne teikningar. Eg meiner at me som journalistar skal bygge på nyheits- og aktualitetskriteriumet når me redigerer stoffet vårt. Då er det viktig å syne det saka handlar om.

I 2004 skreiv Selbekk ein leiarartikkel der han støtta den borgarlege regjeringa og Frp sitt ønske om å la blasfemiparagrafen få leve vidare. I dag angrar han på uttalelsen.

– Dette skreiv eg i eit svakt augneblink. Det var ikkje bra at eg skreiv det, og det har eg beklaga gjentatte gonger. Me treng ingen blasfemiparagraf, Gud klarar seg godt utan det.

LES OGSÅ: Selbekk hyller muslim-humor

– Vil ikkje la seg skremme ut av debatten

Sjølv om Dagen-redaktøren har levd med trugslar i snart ni år, vil han ikkje tillate seg sjølv å bli redd.

– Viss eg ikkje syner dette fordi eg er redd, fordi eg må stille meg spørsmålet om nokon kjem til å true meg på grunn av dette, då har eg invitert terroristane og ekstremistane inn i mitt redaksjonslokale, inn der dei redaksjonelle avgjerslene blir tatt. Det vil eg ikkje, dei skal ikkje få vere med der.

– Kva har det kosta deg å vere fremst i denne kampen?

– Eg har komme meg gjennom det med livet, helsa og ekteskapet i behald, men det er klart det har kosta. Men hadde eg trekt meg tilbake, ville eg ha latt ekstremistane true meg til tausheit, og den sigeren skal dei ikkje få. Så eg vil halde fram med å vere med i dette ordskiftet, seier Selbekk.

LES OGSÅ: - Et angrep på ytringsfriheten