Hopp til innhold

Hadde 190 kilo på stonga - så svikta kneet

NAUSTDAL (NRK): For fire år sidan deisa Vebjørn Varlid i golvet med ein alvorleg kneskade. Kongepokalen og OL-draumen gjekk i vasken. No er han tilbake.

Vebjørn Varlid går i bakken med kneskade

DRAMATISK: Det vart stille i hallen då Vebjørn Varlid gjekk i bakken med skade i kneet under NM for fire år sidan. No er sunnfjordingen tilbake på toppnivå.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er alvorleg moro å vere med igjen. Heilt suverent, seier Vebjørn Varlid.

25-åringen frå Førde er kronprinsen som skulle ta over den norske vektløftartrona etter klubbkamerat Stian Grimseth. Han nærma seg draumegrensa på 200 kilo i støt, kongepokalen var innan rekkevidde – og målet var OL i Rio.

Slik skulle det ikkje gå.

Ramla saman med store smerter i kneet

Vi spolar tida tilbake til mars 2012. 21 år gamle Vebjørn Varlid skulle ta steget heilt til topps under NM på heimebane. Kongepokalen skulle bli hans. Varlid starta med solide 157 kilo i rykk. Startvekta vart sett til 190 kilo i støt.

Då vart det dramatisk. Framfor eit stort og entusiastisk heimepublikum ramla Varlid bakover med sterke smerter i det venstre kneet. Det vart heilt stille i hallen.

– Det gjorde veldig vondt. Eg greidde ikkje halde meg på beina. Men smerten gav seg, og eg prøvde på nytt. Det skulle eg aldri ha gjort, seier han ettertenksomt.

Vebjørn Varlid i treningshallen i Naustdal

AVSLAPPA: Vebjørn Varlid ser tilbake på ein karriere som har gitt han mykje lærdom på godt og vondt. EM på heimebane blir eit stor høgdepunkt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tok tid før han skjønte alvoret i situasjonen

Overfor media sa 21-åringen at han skulle tilbake snarast råd. Håpet var at ein pause på tre veker skulle vere nok til å halde fram satsinga. Men igjen: Slik skulle det ikkje gå.

På Olympiatoppen fekk han beskjed om at hovudscena i kneet hadde roke halvveges av. Det var ikkje sikkert at sunnfjordingen nokongong ville kunne drive vektløfting igjen.

– Då skjønte eg kor alvorleg det var. Først etter ni månadar kunne eg trene rykk og støt igjen. Måtte berre byte splitt – altså kva fot som er framme og bak i støt. Men eg miste totalt to år, før eg deltok i NM igjen i 2014, seier Varlid.

Tenkjer ikkje lenger på den store OL-draumen

NRK møter vektløftaren i den splitter nye treningshallen i Naustdal. Her ligg plattingane på rad og rekkje. Funklande nye vekter er lina opp. EM har gitt Tambarskjelvar ein ny giv. Varlid har trappa ned frå ni økter til fem-seks økter i veka.

Og det har – paradoksalt nok – gitt resultat.

– Eg var veldig ivrig og køyrde nok på litt for hardt. Lytta ikkje til kroppen. Då fekk eg smellen. Men eg er glad for at eg prøvde, seier han.

På sitt beste nærma han seg OL-kravet. Frå personlege rekordar på 163 kilo i rykk og 195 i støt, måtte han opp i 180 og 220 for å komme seg til Rio. Reint matematisk ville det bety ein framgang på fem kilo i året. I utgangspunktet fullt mogleg.

– No tenkjer eg ikkje på OL i det heile teke. Eg vil heller prioritere utdanning og jobb. Men eg kan godt tenkje meg å kvalifisere meg til fleire EM.

Vebjørn Varlid med 157 kilo på stonga i rykk

GLANSDAGANE: Vebjørn Varlid med 157 kilo over hovudet i rykk.

Foto: Rune Fossum / NRK

No er målet å bli blant dei 20 beste i Europa

Om berre nokre dagar skal 25-åringen konkurrere i EM på heimebane. Det vil vere eit definitivt høgdepunkt i karrieren – og det skjer i hallen der han i oppveksten hadde gym på skulen.

– Eg får vise at eg er tilbake for fullt etter skaden. Det hadde vore kjekt om eg kan setje ny personleg poengrekord, seier Varlid.

For sjølv om han ikkje kan konkurrere med seg eigne personlege rekordar i rykk og støt, er det ein lettare utgåve av vektløftaren som no skal i aksjon. Poengrekord er fullt mogleg. Og kanskje ein plass blant dei 20 beste tungvektarane i Europa.

Arrangørane i Sunnfjord er små, men har fått litt av eit ansvar. Aldri har EM i vektløfting blitt arrangert av ein så liten klubb. Bak meisterskapen i Førde står 300 frivillige.

TV-SAK: Sjå NRK si TV-sak om den enorme dugnadsinnsatsen som blir lagt ned under EM i vektløfting.