Hopp til innhold

Opplev festivalstemninga på Utkant

Denne helga er det klart for den tiande utgåva av festivalen Utkant i Gulen. NRK Sogn og Fjordane dekkjer festivalen på nett, sosiale medium, radio og TV.

Utkant-festivalen

FOR TIANDE GONG: Denne helga blir Skjerjehamn igjen fylt opp av musikkglade i alle aldrar.

Foto: Linn Dyveke Wilberg / UTKANT

Skjerjehamn er fylt til randa når tusenvis av gjestar vitjar Utkant i løpet av ei julihelg.

Det er smilande festivalgjengarar og ikkje minst båtliv. I løpet av festivalhelga ligg det kring 300 båtar i den vesle hamna. Og artistar som Bob Hund, Real Ones, Razorbats og Veronica Maggio står på scena.

Denne stemninga vil NRK Sogn og Fjordane formidle til deg.

Fredag morgon sender programleiar Stian Sjursen Takle tre timar direktesendt radio frå kaien i Skjerjehamn.

– Vi skal gi lyttarane flott stemning, god musikk og mange spennande gjestar, lovar han.

Reporter Aleksander Åsnes er på plass for å gi deg dei spennande nettsakene og bileta. Følg oss også på Facebook, Instagram og Snapchat denne helga. (Sjå faktaboks)

Og fredag kveld bør du skru på Vestlandsrevyen kl. 18:45. Då får du levande bileta frå Skjerjehamn.

Er du på Utkant? Merk gjerne bileta dine med #nrksf på Instagram. Vi trekkjer ut tre personar som får ein DAB-radio kvar.

Sjå bileta på Instagram merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..