Oppjusterer farenivå for skred: – Alvorleg situasjon

Det skal bøtte ned over store delar av Vestlandet. Fylkesmannen ber kommunane om å tenkje på beredskapen.

Store nedbørsmengder

VÅTT: Fleire på Vestlandet går ei våt helg i møte.

Foto: METEOROLOGISK INSTIUTT

– Dette er ein alvorleg situasjon, seier jordskredvakt Tuomo Saloranta ved varslingstenesta varsom.no.

Det er venta 70 til 110 mm med regn frå sundag til måndag, og Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om store nedbørsmengder.

Nedbøren gjer at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) oppjusterte farevarselet for jord- og sørpeskred til oransje nivå for Sogn og Fjordane, Hordaland og deler av Møre og Romsdal frå sundag av.

– Det er venta ein del skred. Folk gjer lurt i å halde seg unna bratte terreng, seier Saloranta.

Anbefaler å følgje nøye med

Fylkesmannen i Vestland oppmodar, i ei pressemelding, alle kommunane til å etablere kontakt med politiet lokalt, for å gjere felles vurderingar av moglege konsekvensar.

– Vi tilrår alle å følgje med på varsom.no.

Som følgje av det venta uvêret er Indre og midtre strøk er mest utsette. Faren for sørpeskred er størst i område med meir enn 40 cm med snø. Mykje nedbør gjer at jorda vert metta, noko som kan føre til jordskred i bratte skråningar.

Varsom.no skriv at faregrad tre kan føre til alvorlege skadar.

Farevarsel på farevarsel

– Det blir vått og grått. Det ser ut til at det blir verst sundag kveld, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Det er sendt ut fleire farevarsel. Store nedbørsmengder og mykje regn gir betydeleg snøskredfare i store delar av landet.

Skredfaren er stor i Indre Fjordane. Det er venta stor fare for snøskred i Ofoten, Salten, Helgeland, Hardanger og Voss frå sundag av.

Flaumfaren er på eit gult nivå for Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland.