Hopp til innhold

Henta barna på skulen

Foreldre henta torsdag barna sine på Flaktveit skole i Åsane, etter at det vart kjent at ei jente skal ha blitt utsett for seksuelt overgrep tysdag. – Det er jo ekkelt, seier ei mor.

Henter barna på Flaktveit skole.

HENTA BARNA: Christine Johansen henta barna sine på skulen etter oppfordring frå skulen.

– Det er litt ubehageleg at ikkje ungane kan gå trygt til og frå skulen, seier Christine Johansen.

Ho er mor til to barn som går på Flaktveit skole i Åsane. Då eldstemann av barna ringde, så valde Johansen å hente ungane.

– Eg kom og henta dei fordi ho eldste hadde fått beskjed frå skulen om at ingen fekk lov til å gå heim åleine, seier ho.

Jente utsett for overgrep

Etter at det vart kjent at ei jente i barneskulealder vart utsett for seksuelt overgrep i nærleiken av Hjortlandsvegen i Åsane i Bergen tysdag denne veka, blei foreldre oppfordra til å hente barna sine på skulen.

Overgrepet skjedde i tidsrommet 15.30–17.30. Jenta var på veg frå Breimyra skole då ho blei overfallen.

Politiet opplyser at gjerningsmannen er ein vaksen mann med nordisk utsjånad. Han hadde med seg to hundar.

Jenta var kledd i rosa bukse, ein stripete genser, rosa joggesko og ein blomstrete skulesekk.

Politiet er interessert i alle som kan ha sett jenta eller gjerningsmannen, og ber vitne rette tips til Bergen Nord politistasjon på telefon 55255500 i kontortida (09-1530). Utanom kontortid kan tips rettast på telefon 02800.

Oppfordra til å hente barna

Einar Skintveit

OPPFORDRA TIL Å HENTE: Rektor ved Flaktveit skole, Einar Skintveit seier elevar som ikkje hadde nokon å gå med har blitt følgd heim av tilsette ved skulen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Rektor ved Flaktveit skole stadfestar at jenta som vart utsett for overgrep går på skulen. Foreldre har i eit brev blitt oppfordra om å hente barna sine etter skulen.

– Me har oppfordra alle elevar til å gå med venner heim frå skulen. Dei me veit ikkje har hatt nokon å gå med har me følgt heim, seier rektor Einar Skintveit.

Christine Johansen henta barna sine og seier til NRK at ho kjem til å køyre ungane sine både til og frå skulen i morgon òg.

– Det blir nok det framover, så lenge me ikkje får beskjed om noko anna, seier Johansen.

– Sjølv om dei har bilfri og trygg skuleveg, så det er jo litt synd at me må hente, men sånn er det. Det har jo vore trygt her, så det er ubehageleg, seier ho.

Handtert profesjonelt

Mona Drønen er leiar for Foreldrerådets arbeidsutval på Flaktveit skole, og er meiner skulen har takla situasjonen profesjonelt.

– Dei som ikkje har nokon å gå med, eller har lenger veg enn andre, har blitt følgt heim av skulen sine tilsette. Alle barn er tatt vare på frå skulen si side, seier Drønen.

– Det er forferdeleg og trist det som har skjedd. Fokuset vårt må vere på tryggleiken, og ta vare på den for barna her på skulen. Dei skal føle seg trygge, seier ho.