Oppdrettsverksemd fekk 550.000 kroner i førelegg

Oppdrettsselskapet Osland Havbruk har fått eit førelegg for bruk av ulovleg lusemiddel. Det har skjedd ved fleire høve, i nærleiken av eit rekefelt.

Havbruk

OPPDRETT: Det var ved eitt av anlegga til Osland Havbruk AS at det ulovlege stoffet var brukt i 2017. To og eit halvt år seinare er saka ferdig.

Foto: PRIVAT

– Vi har gjeve førelegget for brot på lova som forbyr bruk av miljøgifter som kan skade reker og andre skaldyr.

Det seier påtaleansvarleg i Vest politidistrikt, Inger Helen Stenevik.

Det var i 2018 Norges miljøvernforbund melde Osland Havbruk til politiet for bruk av det ulovlege lusemiddelet. Sjølve lovbrotet skal ha skjedd hausten 2017.

Miljøvernforbundet oppdaga saka då Osland Havbruk rapporterte bruk av legemiddel til Mattilsynet.

Oppdrettsanlegg der stoffet vart brukt ligg i nærleiken av eit rekefelt.

– Alt som går på miljøgifter, og det som skadar havmiljøet, ser vi på som veldig alvorleg, seier Stenevik.

Osland Havbruk er eitt av Noregs eldste oppdrettsselskap, og har hovudkontor i Bjordal ved Sognefjorden i Høyanger kommune.

Forbode stoff

Politiet legg til grunn at Osland Havbruk var kjend med at det var eit ulovleg stoff då dei brukte lusemiddelet. Det skal ha skjedd ved fleire høve hausten 2017.

Forbodet om å bruke dette middelet kom eit halv år tidlegare, våren 2017.

– Vi har etterforska saka, hatt ein fagleg dialog med Fiskeridirektoratet undervegs, seier politiadvokaten.

– Kvifor har det tatt to år?

– Nokre saker blir gamle. Det er fordi der et stor saksmengde, ingen annan grunn.

Til politiet skal verksemda ha sagt at dei oppfatta Fiskeridirektoratet slik at ei handheving av forbodet ikkje ville skje den første stunda etter at lova trådde i kraft.

Nøgd naturvernar

– Det er ei god nyhende, men ei forferdeleg dårleg sak, seier Kurt Oddekalv i Norges miljøvernforbund.

– Dette middelet er svært skadeleg for reker og skaldyr, seier han.

Naturvernforkjemparen meiner det har gått for lang tid, men gler seg over at saka er over. Han er nøgd med størrelsen på førelegget som er gjeve til verksemda.

Førelegget er på kroner 550.000, og ifølgje Stenevik er førelegget rimelegare enn rettspraksis tilseier, sidan det har gått så lang tid sidan lovbrotet skjedde.

Vi er ferdige med saka og har akseptert førelegget, seier samfunnskontakt Geir Helge Østerbø i Osland Havbruk til NRK, som ikkje vil kommentere saka noko ytterlegare.