Ved Havforskingsinstituttet si avdeling i Matre har dei forska på kva effekt rask vekst har på oppdrettslaksen.
- Resultata stemmer overeins med det ein kjenner frå andre dyr, til dømes broilerar som veks veldig fort. Det seier forskar Per Gunnar Fjelldal.
Tener pengar på «hurtiglaks»
Oppdretterne tener på at laksen veks raskt. Det betyr kortare at laksen etter kortare tid enn normalt vert klar for sal.
Degenerert
I doktoravhandlinga si åtvarar Fjelldal oppdrettarar mot å intensivera veksten ved bruk av kunstig lys og vame, og han meiner foret må bli meir mineralrikt.
Dessutan bør laksen ikkje sorterast medan han er i sterk vekst. Elles kan norsk oppdrettslaks bli deformert og degenerert, meiner Fjelldal.
Sitt på det tørre
Lakseoppdrettar Karl Olav
Forskar Per Gunnar Fjelldal (t.v.) og oppdrettar
- Jørgensen
driv Hellesund fiskeoppdrett. Han fryktar ikkje at laksen skal få øydelagt beinstrukturen.
- Vi endrer fisken over tid gjennom avl og utviklar ein laksetype som både veks fortare og tåler å vekse fortare, sier han.
Uheldig
Men likevel vil oppdrettaren lytte til åtvaringane mot for rask vekst.
- Det er slik i næringa at ein sunn og frisk fisk, også er god økonomi. Om fisken skulle få øydelagd beinstruktur eller arveanlegg vil det ikkje vere uheldig berre for fisken, men for oss óg, seier opdrettaren.