– Situasjonen er uakseptabel, vi er nøydde til å få kontroll, seier statssekretær i Roy Angelvik (Frp) i Nærings- og fiskeridepartementet.
Tidlegare denne veka fortalde NRK om at nær 80 prosent av villakssmolten frå fleire av dei viktigaste elvane i Sognefjorden og Hardangerfjorden kan ha krepert som følgje av lakselus i 2017, i fylgje Havforskingsinstituttet.
ÅTVARAR: Statssekretær Roy Angelvik (Frp)
Foto: Ole Christian OlsenMålingane framover må under 30 prosent dødelegheit. Om ikkje må oppdrettarane i Hordaland og Sogn og Fjordane kutte i produksjonen i 2019.
– Hamnar dei i raud sone så tek vi ned produksjonen med seks prosent. Håpet er sjølvsagt at ingen hamnar i raudt, seier Angelvik.
Nesten all villakssmolten døydde
Villakssmolt på veg ut Hardangerfjorden og Sognefjorden kreperte i stort omfang våren 2017.
– 2017 hadde vi ei periode med kraftig straum inn fjordane. Straumen transporterte lus innover og trefte fisken på veg ut, seier forskar ved Havforskingsinstituttet Ingrid Askeland Johnsen.
SV meiner oppdrettarane ikkje har kontroll
På Stortinget vil SV ta opp saka:
– Det er alvorleg, spørsmålet er om lakselusproblemet er større enn trudd. Oppdrettsnæringa kan ikkje ha kontroll, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV). Han har sendt spørsmål til fiskeriministeren om det kjem nye tiltak.
Oppdrettarane fortvilar
Ein av dei største oppdrettarane i Sogn er Ola Braanaas i Firda Seafood. Han sysselset nær 150 menneske i små kystbygder yst i fjorden. Braanaas er blant fleire som ikkje ser lyst på å kutte i produksjonen:
FRUSTRERT: Ola Braanaas.
Foto: NRK– Det blir mindre aktivitet og færre arbeidsplassar.
Braanaas er no prisgjeven tala frå forskarane, men meiner det er vanskeleg å halde seg til kompliserte målingar. Han undrast over at enkelte elvar har meir villaks enn før.
– Vi arbeider så godt vi kan for å handtere luseproblematikken. Kva skjer om vi kuttar seks prosent, utan at det forandrar noko?
Trafikklysordning skal avgjere
I oktober innførte regjeringa trafikklyssystemet for havbruksnæringa. Miljøpåverknaden skal avgjere om næringa må kutte.
SONER: Dette kartet syner kor oppdrettarane kan auke, og kven som risikerer kutt.
Foto: skjermdumpLandet blir delt inn i 13 område. Vurderingane skal gjerast annakvart år. I grøne område kan oppdrettarane auke med seks prosent, i grøne område må dei kutte seks prosent. I gule område frysast kapasiteten.
Rapportane blir laga av Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, og Norsk institutt for naturforsking.
Fiskeridepartementet vil ikkje seie kva dei gjer om det blir kutta i 2019, og det heller ikkje då får effekt:
– Det einaste vi veit er at vi strammar til. Så får vi håpe at næringa kjem seg ut av utfordringane. Vi må vere ærlege på at vi som politikarar er prisgjevne råda vi får frå ekspertisen, seier Angelvik.
ÅRØYELVA: Årøyelva i Sogn er ei av elvane havforskarane meiner at villakssmolten har bukka under frå.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK