Hopp til innhold

Oppdaga kulehol i vindauge på bustadhus

Kl. 18.16 fekk politiet melding frå ein person som hadde observert minst to kulehol i eit vindauge på bustaden sin i Øvre Årdal

Væpna politiaksjon i Øvre Årdal

VÆPNA: Politiet gjekk til aksjon mot ein bustad i Øvre Årdal etter funn av kulehol i eit vindauge.

Foto: Tipsar

Politiet sette i verk ein væpna aksjon mot adressa.

– Vi rykka ut med patruljar frå Sogndal og Årdal samstundes som vi jobba internt med å finne ut kven dette kunne vere, fortel operasjonsleiar i Vest Politidistrikt Eivind Hellesund.

Dei har arrestert det dei meiner er rett gjerningsperson

– Det er ingen som er fysisk skada men for fornærma er dette sjølvsagt ei dramatisk og traumatiserande oppleving. Det blir følgt opp av lokalt helsevesen, seier Hellesund.

Politiet opplyser at det ikkje skal vere snakk om ein negativ relasjon mellom fornærma og gjerningspersonen, men at dei vil jobbe for å finne ut av dette.

Søndag var det usikkert kva våpen som skal ha vore brukt. Mannen blei pågripen heime hos seg sjølv.

– Vi har funne nokre våpen i bustaden til mistenkte også vil etterforskinga sjå om det er nokon av dei som er blitt brukt, fortel operasjonsleiar.

Måndag ettermiddag opplyser politiet om mannen er sikta for omsynslaus åtferd. Han får no oppfølging frå helsevesenet og er førebels ikkje avhøyrd. Politiet har teke beslag i fire luftvåpen som dei meiner blei nytta.