Merka endring i rusmiljøet – avdekka farleg narkotika i Årdal

ÅRDAL (NRK): Overdosar og eit aggressivt rusmiljø avdekka livsfarleg rusmiddel i omløp i Årdal. – Kor mykje som har kome igjennom utan å bli stogga av Tollvesenet, det veit vi ikkje, seier lensmann Magne Knudsen.

Magne Knudsen

RULLA OPP: Fleire personar er involverte i narkotikasaka som politiet i Årdal rulla opp i fjor. – Vi vil halde fram arbeidet fordi vi ynskjer minst mogleg innlegging. Dette stoffet gjer noko med enkelte individ. Du blir psykotisk av det og då blir du innlagd, seier lensmann Magne Knudsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Opprullinga som skulle leie politiet til katinoner, også kalla alfa-pvp og «badesalt», starta ved årsskiftet 2013/2014.

Av 53 narkotikasaker i Årdal i fjor, gjeld nær 20 saker alfa-pvp. Det er første gang at det syntetiske stoffet er avdekka i industrikommunen.

– Rusmiljøet var uroleg og meir aggressivt. Før kunne vi kommunisere med dei, men i denne samanheng kunne vi ikkje gjere det. Stoffet gjorde dei utilgjengelege for kommunikasjon. Vi hadde også to overdosar, der det viste seg at stoffet var kombinert med andre rusmiddel, fortel lensmann Magne Knudsen

Ein person i varetekt

Politiet har jobba i det stille, og nærmar seg avslutning på etterforskinga. No meiner dei å ha funne svar på korleis det frykta «badesalt»-dopet har kome på marknaden i sognekommunen.

Ti personar er involverte. Frå juli 2013 og fram til juni 2014 beslagla politiet og Tollvesenet nær ein halv kilo syntetisk stoff som skulle til Årdal.

Dei fleste involverte har fått bøter. Ei sak er lagt vekk. Mannen som politiet reknar som hovudmann, ein kar i 30-åra, sat i sommar varetektsfengsla i fleire veker. Han ventar på å få saka avgjort i rettssystemet.

– Vi føler han er ein sentral person. Det var også difor han ein periode sat i varetekt, seier Knudsen.

Små, men sterke beslag

Stoffet er bestilt frå utlandet gjennom Internett. Alfa-pvp, som politiet kallar det, er eitt av fleire syntetiske stoff som i Kripos sin statistikk går under kategorien Nye psykoaktive stoff (NPS). Gruppa utgjer kring to prosent av alle narkotikabeslag. Både i 2013 og 2014 vart det gjort 620 slike beslag på landsbasis.

Nye psykoaktive stoff (NPS) ulike beslaglagde variantar per år

TABELL: Så mange ulike variantar av Nye psykoaktive stoff (NPS) er blitt beslaglagde.

Foto: Politiet

Typiske beslag i Noreg er 0,5 til fem gram. Beslaga er små, men stoffet er kraftig. Tollvesenet har tidlegare åtvara mot syntetiske stoff.

– I denne saka har vi til dømes eitt beslag på ti gram. Det høyrest lite ut, men det representerer veldig mange brukardoser, seier Knudsen.

Frykta stoff

Ida Dahl Nilssen, presseansvarleg hos Kripos, seier at faren for overdose er reell ved bruk av syntetiske stoff. Stoffet vert rekna for å vere 100–200 gonger sterkare enn andre narkotiske stoff.

Ein annan fare, både for brukar og helsepersonell, er at ein ikkje veit kva type narkotika ein står overfor.

– Marknadsføringa av dei nye stoffa er aggressiv og retta mot unge menneske. Dei nye tilgjengelege stoffa gjer det mogleg for unge – som ikkje tidlegare hadde tilgang til narkotikamiljø – å eksperimentere med narkotika, seier Dahl Nilssen.

Nye psykoaktive stoff (NPS) antal beslag per år.

TABELL: I 2013 vart det gjort 620 beslag av psykoaktive stoff. Politiet meiner talet var like stort også i 2014.

Foto: Politiet

Det omtala Alfa pvp er eit syntetisk sentralstimulerande rusmiddel som har eksistert i Noreg sidan tidleg 2012.

Vigdis Vindenes

ÅTVARAR: Vigdis Vindenes er overlege hos Folkehelseinstituttet.

Foto: Folkehelseinstituttet

– Dette er rusmiddel som er potente og kan gje både rusoppleving, men også psykiske uheldige verknader, seier Vigdis Vindenes, overlege ved Folkehelseinstituttet.

– Veit ikkje innhaldet

Dei siste fem åra har det vore rask auke av desse nye psykoaktive stoffa, men bruken har flata ut. Likevel dukkar stadig vekk opp nye syntetiske stoff.

I Sogn og Fjordane har slike syntetiske stoff dukka opp med ujamne mellomrom, men sjeldan i slikt omfang som i Årdal.

– Det som generelt er skummelt med denne gruppe stoff er at ein ikkje alltid veit kva ein får. Dei blir ofte bestilt over nett, men sjølv om ein bestiller noko så kan det vere at ein får noko anna. Det kan vere blanda med fleire forskjellige rusmiddel, det kan vere ulike styrker så det er vanskeleg for rusbrukaren å vite kva han eigentleg får i seg, seier Vindenes.

– Aukande problem

Etter varetektsfengslinga i fjor sommar, har ikkje politiet sett meir til stoffet i Årdal. Kor mykje og kor lenge «badesaltet» har vore i omløp er usikkert.

– Det kan vere at dei som ynskjer dette stoffet hentar andre stader, men vi har ikkje registert endringar i miljøet. Det er mykje rolegare no, seier Knudsen og legg til:

– Det gledelege er at vi gjennom arbeidet vårt, så har vi i år, og heller ikkje hausten 2014, registrert stoffet.

Arne Johannessen

REGIONLENSMANN: Arne Johannessen er uroa for den generelle utviklinga i narkotikamiljøet i Sogn og vil difor starte arbeidet med å få kartlagt både miljø og stoff som er i omløp.

Foto: Christian Blom / NRK

Regionlensmann Arne Johannessen vil ikkje slå seg til ro med det. Stoffet har dukka opp også andre stader i driftseining Sogn.

– Mi erfaring er at det er eit aukande problem. Det er lett tilgjengeleg, det er mange som bestiller og får det tilsendt i posten. Dette må vi ha endå større fokus på, seier han.

Samlar troppane

Regionen omfattar kommunane Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal. Tal narkosaker har ligge stabilt på kring 120 saker siste åra. Johannessen fryktar mørketal og ynskjer å kartleggje miljøet for å få betre oversikt over brukarar og stoff.

– Jobbar vi meir systematisk og målretta, så er det råd å oppdage meir. Det er eit større problem enn det statistikken viser. Då må vi samordne oss betre og eg vil om kort tid samle dei som jobbar med narkotika i region Sogn og diskutere strategi, seier han.

– Har det vore jobba for dårleg med det til no?

– Ein kan alltid jobbe betre. Slik er det med alle område. Det handlar om prioritering og ressursar, men vi kan jobbe meir målretta enn vi gjer i dag. Det er vårt mål.

Uroa over utviklinga

– Det handlar om gode rutinar og breitt samarbeid. Vi kan ikkje jobbe i berre eitt spor. Alt politiarbeid handlar om tilfang av informasjon, og å setje den saman for å finne gode tiltak, held Johannessen fram.

Regionlensmannen er uroa over utviklinga og meiner ser det som særskilt viktig å førebyggje og hindre rekruttering til narkotikamiljøet.

– Kvar einskild sak får store følgjer. Får ein problem, så røyrer det ved mange, familie, vener, kjæraste, skule og jobb. Det får store samfunnsfølgjer, seier han.