Hopp til innhold

Opp mot 400 i karantene etter smitteutbrot blant studentar i Bergen

Ingen andre byar har meir smitte blant studentar enn Bergen. No vert fleire større studentarrangement avlyst.

Universitetet i Bergen.

UIB: Ni studentar er smitta på Universitetet i Bergen. Fadderveka blei til slutt avlyst.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Fredag har totalt 49 studentar i Bergen fått påvist covid-19.

Det er i særklasse mest av alle studentmiljø i Noreg.

NTNU i Trondheim, Universitetet i Oslo og Oslo Met har alle hatt eitt smittetilfelle kvar.

Men utbrotet får konsekvens for langt fleire som hamnar i karantene.

Smittevernoverlege i Bergen Karina Koller Løland fortel at dei har kartlagd alle som har vore i nærkontakt med studentarene.

– Sist eg talde var talet 357, så eg reknar med at talet no nærmar seg 400, seier ho.

Alle desse også er eller har vore i karantene.

To nye tilfelle i dag

Medan det andre plassar berre er snakk om få smitta, held smitteutbrotet blant studentane i Bergen fram med å auke.

Av dei totalt 49 studentane som har fått påvist covid-19 fordeler dei seg slik:

  • 26 ved Høgskulen på Vestlandet sitt campus i Bergen
  • Ni på Universitetet i Bergen
  • Tre på BI campus Bergen
  • Elleve på NHH

To av smittetilfella på NHH vart stadfesta fredag.

Fredag kjem regjeringa med ei oppdatering om koronasituasjonen:

DIREKTE: Regjeringa med korona-oppdatering fredag kl. 14.

Stenger all aktivitet

Etter at særleg NHH har hatt fleire smittetilfelle den siste veka har studentforeininga NHHS no bestemt å avslutte all aktivitet på skulen inntil vidare.

Det skjer etter ei veke med opptak til idrettslag, kor mange studentar har vore samla.

– Dei som har fått påvist smitte på NHH er stort sett nærkontaktar av andre studentar, og fleire av desse er allereie i karantene. Så eg tenker at dette er eit teikn på at vi likevel har kontroll på utbrotet, seier ho.

På spørsmål om utdanningsinstitusjonane har felles retningslinjer når det kjem til smittevern, svarar Løland følgjande:

– Eg veit ikkje om at det finnast felles rutinar eller prosedyrar i samband med smitteutbrotet.

Eksteriør, NHH

NHH: På NHH i Bergen har det vore fleire større studentarrangement fram til no.

Foto: Silje Katrine Robinson / NHH

Smittevernoverlegen er klar på at dette er ein situasjon ein kan måtte leve med i lang tid, og meiner det er viktig å ikkje gjere for store grep.

– Vi pleier ikkje å anbefale folk å avlyse arrangement dersom det ikkje er naudsynt. Ein må vurdere heilskapen, seier ho.

– Strenge tiltak

Kommunikasjonsdirektør Geir Michalsen ved NHH seier til NRK at berre ein av dei fire bachelorstudentane som er smitta skal ha deltatt i aktivitetar knytt til fadderveka.

Leiar i studentforeininga på NHH, Marthe-Caroline Dahle, seier det har vore strenge smitteverntiltak knytt til opptak i alle studentaktivitetane. Mellom anna i form av utdeling av handsprit og avgrensa talet på studentar i kvar gruppe.

Er det ikkje litt seint å stenge ned no?

– Det var viktig å gjennomføre førstekullsveka. Smitten kjem ikkje nødvendigvis frå studentforeiningane, men at studentar omgåst på tvers av grupper. No set vi bremsen på slik at vi forhåpentlegvis ikkje får eit stort utbrot, seier Dahle.