Opp grytidleg for å spele fotball

På Førdeakademiet får born og unge vere med på ei tidleg fotballtrening før skulen. Det skapar gode vanar, men kan og vere slitsamt.

Øving gjer meister, heiter det. Og skal ein bli god fotballspelar gjelder det å øve. Førde fotball har i fem år hatt morgon-trening i Førdehuset. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK

MORGONTRENING: Tidleg fotballtrening i Førdehuset. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK

– Eg sov ikkje så mykje i natt, så eg er litt overtrøtt, seier June Stavang som har stått opp grytidleg for å spele fotball.

Ho held fram:

– Det kan bli litt hektisk i og med at det byrjar så tidleg. Men det går bra. Du har så dårleg tid at du har ikkje noko anna val enn å komme deg opp.

På treninga til Førdeakademiet kjem det fort liv i dei trøytte kroppane. To gonger i veka, frå kl. 07.00 – 08.00, har Førdeakademiet morgontrening for barn og unge i Førdehuset. Dei trener òg ein ettermiddag i veka.

Fotballakademi er fotballtrening for ungar og ungdom utanom vanleg fotballtrening. Dette er eit tilbod ein har starta opp fleire plassar i fylket. Fyrst ut var Sogndal i 2007, men også Florø og Dale har dette tilbodet, i tillegg til Førde fotball.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sigurd Løvik på Fotballakademiet i Førde

HJELPER PÅ KONSENTRASJONEN: Sigurd Løvik merkar den tidlege treninga gjer han meir vaken og konsentrert.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sigurd Løvik byrja på treningane til Førdeakademiet i år. Han tykkjer det er kjekt å ha treninga så tidleg på morgonen.

– Det er digg, det. Det er kjempegøy. Eg blir vaken til skulen og klarar å konsentrere meg mykje betre. Så eg tykkjer det er veldig kjekt å spele fotball på morgonen.

Fornøgde lærarar

– Me får gode tilbakemeldingar frå lærarane til ungdommane som seier dei er veldig friske og raske når dei kjem på skulen. Lærarane seier det er eit veldig positivt tiltak for å gjere elevane klare til skuledagen, seier trenar Lars Ove Nistad.

Han fortel at når klokka bikkar 08.00 har dei unge fotballspelarane hatt ei treningsøkt, ete frukost og litt frukt, dusja og hatt ein tur på sykkel eller i bil. Når elevane då kjem på skulen har dagen vore i gong lenge, og dei er vakne og klare for undervising.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Ove Nistad

TRENAR: Lars Ove Nistad er heller ikkje morgongretten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Men me har så pass god kontakt med heimen, at viss me ser det går ut over skulen, kan me ta eleven ut av treninga. Skulen er viktigast.

Trenar Lars Ove Nistad er opptatt av at ungdommane skal få nok søvn.

– Me spør om dei er flinke til å legge seg tidleg, og håpar dei er ærlege når dei svarar. Det verkar som om dei fleste er tidleg i seng fordi dei skal opp og spele fotball, seier han.

Josefine Midtbø er ny på Førdeakademiet i år. Ho vedgår at ho blir litt trøtt av å stå opp så tidleg, men det er verdt det når ein får spele fotball.

(Artikkelen held fram under biletet)

June Stavang og Josefine Midtbø

TIDLEG VAKNE: June Stavang (t.v.) og Josefine Midtbø står gjerne opp tidleg for å spele fotball.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kunne ikkje du heller tenke deg å ligge heime i senga og sove?

– Neeeii. Eller, av og til så er det litt freistande.

– Er trenaren dykkar morgongretten av og til?
– Viss me bråkar kan det hende han blir litt sur, men det går vanlegvis fint, seier ho og ler.

Viktig tilbod

– Dette betyr enormt mykje for fotballen i Førde. Tidlegare har denne gruppa hatt 1–2 treningar i veka, men me doblar talet på treningstimar. Me ser at det er stor utvikling hjå dei som deltek på treningane, seier Nistad.

Førdeakademiet har halde på med morgontreningar i 5–6 år no. Måndag og tysdag trener dei på teknikk, og fredagar øver dei på ulike speleformer. Men Nistad er ikkje berre opptatt av at ungdomane vert betre fotballspelarar av å trene hjå dei.

– Me er alle ulike. Me presterer ulikt i ulike samanhengar, og det skal det vere respekt for. Me har nulltoleranse for mobbing. Er det nokon som mobbar andre, så er det rett ut døra.