Hopp til innhold

Opne flammar frå leilegheit på Stord

Det er meldt om røykutvikling og opne flammar frå ei leilegheit på Stord. Det skal vera tre leilegheiter i bygget. Naudetatane er på staden, og brannvesenet har kontroll på flammane.

– Den aktuelle leilegheita er gjennomsøkt, og det er ikkje meldt om personskade, seier Irene Ragnhildstveit i politiet. Det er førebels uvisst kvifor det har byrja å brenna, og kva omfang dei materielle skadene har. Ifølgje Sunnhordland blir bygninga no lufta.