Opnar tilsyn etter Nav-drap

Fylkeslegen i Vestland opnar tilsynssak etter knivangrepet på Nav Årstad måndag, skriv BT. Tilsynet er ikkje retta mot ei bestemt helseteneste.

– Denne hendinga er så alvorleg at me ynskjer oversikt over helsehjelpa sikta har fått, seier fylkeslege Sjur Lehmann til avisa.