Hopp til innhold

Luftrommet på Vestlandet stengt i over ein time – forseinkingar i flytrafikken

All trafikk til og frå Sola og Flesland blei stansa på grunn av tekniske utfordringar. Nesten halvannan time etterpå er problema løyste.

Kontrolltårn på Sola skadet av uvær

SOLA: Kontrolltårnet på Sola blei skadd i uvêret laurdag kveld. Sundag er flyplassane i Stavanger og Bergen stengde for all trafikk.

Foto: Ole Andreas Bøe / NRK

Avinor opplyser at nettproblema ved kontrollsentralen på Sola er løyste og luftrommet vert opna igjen.

– Nokre forseinkingar på reknast med, skriv Avinor i ei pressemelding like over klokka 15.

  • Klokka 17 er fleire avgangar frå Bergen forsinka med opptil to timar. Det same er tilfellet i Stavanger. Tidlegare sundag ettermiddag blei fleire innlandsflygingar frå Bergen innstilte.

Avinor fekk melding litt over klokka 13 om nettproblem ved kontrollsentralen på Sola.

Det medførte at luftrommet på Vestlandet blei stengd og all trafikk inn og ut av Sola og Flesland lufthamn blei stansa.

– Som følge av uvêret har me opplevd tekniske utfordringar. Ettersom tryggleiken er høgast prioritert gjennomførte me stans i trafikken, seiar Anna Langhammar, pressekontakt i Avinor.

Avinor ber alle reisande om å møta som normalt og følga informasjon frå flyselskapet sitt.

Det var TV 2 som først omtalte stenginga.

Video fly Bergen

AVBRYTER LANDING PÅ FLESLAND: Stian-André Høynes tok denne filmen då flyet hans frå Gran Canaria til Bergen skulle landa på Flesland laurdag kveld.

Fleire fly måtte avbryta landing

Uvêret har skapt problem for flytrafikken natt til sundag.

Den kraftige vinden i Sør-Noreg førte til svært vanskeleg landingsforhold på fleire lufthamner. Særleg gjekk det utover flyplassane i Ålesund, Bergen, Haugesund og Stavanger.

På det verste blei det målt vindkast på 34 m/s på Flesland lufthamn. På Sola var vindkreftene så sterke at det oppstod skade på kontrolltårnet.

Til saman seks Norwegian-fly med destinasjon Vestland klarte ikkje å landa og måtte omdirigerast til Oslo.

Blant dei var to fly frå Gran Canaria til Flesland.

Stian-André Høynes var blant passasjerane på eitt av flya. Kontrasten var stor frå finvêret i Atlanterhavet.

– Det var ein fin og roleg flytur fram til me starta nedstigninga. Då blei det brått ille, seier passasjer Stian-André Høynes.

DY1839 Norwegian-fly fra Las Palmas til Bergen måtte avbryte landingen

AVBRAUT: Eitt av flyet som laurdag kveld måtte avbryta landinga på Vestlandet.

Foto: flightradar24.com / skjermpdump

Fleire fly måtte avbryta

Den kraftige vinden i Sør-Noreg førte til svært vanskeleg landingsforhold på fleire lufthamner. Særleg gjekk det utover flyplassane i Ålesund, Bergen, Haugesund og Stavanger.

På det verste blei det målt vindkast på 34 m/s på Flesland lufthamn. På Sola var vindkreftene så sterke at det oppstod skade på kontrolltårnet.

Høynes fortel at det var ei nervøs stemning i kabinen dei gongane piloten forsøkte å landa.

– Det var litt spent og nervøst blant passasjerane. Fleire var redde. Eg synest det var ubehageleg, men eg opplevde at kapteinen hadde grei kontroll heile vegen, fortel Høynes, som også rosar personalet for å ha gitt god informasjon.

Etter å ha forsøkt tre gongar, gav flyet Høynes sat i opp og sette kursen for Gardermoen.

– På det første forsøket var me anslagsvis 300–400 meter over bakken, før piloten avbraut. Eg merka at det var mykje kraft i vinden. Den tok godt tak i flyet.

Han filma det andre forsøket. Det tok ikkje lang tid før han tenkte at dette ikkje kom til å gå.

– Før det tredje forsøket opplyste piloten om at me kom til å fly til Oslo dersom det ikkje gjekk.

Sjølv om turen var ubehageleg, sette det ikkje varig preg på 32-åringen.

– Eg jobbar offshore og har utreise frå Florø, og har difor hatt mine turbulente turar med fly.

– Det var ei halvdramatisk avslutning på Syden-turen?

– Ja, Vestlandet var friskt i forhold til Spania.

SAS-fly lander på Bergen lufthavn Flesland

FLESLAND: Flesland lufthamn i Bergen og Sola lufthamn i Stavanger er sundag ettermiddag stengd for all trafikk.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Seks fly sende til Gardermoen

Seks Norwegian-fly måtte omdirigerast frå Vestlandet til Gardermoen på grunn av dei tøffe vêrforholda laurdag kveld. Kontrolltårnet på Sola fekk skader i det kraftige uvêret.

I tillegg måtte eit SAS-fly frå Oslo til Stavanger snu. Eit kveldsfly frå Oslo til Bergen blei kansellert, opplyser pressesjef John Eckhoff i SAS.

Når NRK snakkar med Høynes har han akkurat landa i Bergen, eit halvt døger etter planen.

– Me har forståing for at det blei opplevd ubehageleg for passasjerane. Men ved slike forhold er det alltid tryggleiken som blir set i høgsetet. Både pilot og kabinpersonalet er godt trente, seier kommunikasjonsrådgjevar Silje Glorvigen i Norwegian.

Seks Norwegian-fly måtte omdirigerast frå Vestlandet til Gardermoen på grunn av dei tøffe vêrforholda laurdag kveld. Kontrolltårnet på Sola fekk skader i det kraftige uvêret.

– Når vêret er såpass dårleg som i går kveld, vurderte piloten det til at det var best å fly til Gardermoen. Pilotane er vane til dårleg vær, men det er sjeldan så dårleg som i går, seier Glorvigen.

Til samans seks fly blei omdirigerte laurdag kveld:

  • DY9031 Las Palmas til Ålesund
  • DY1835 Alicante til Stavanger
  • DY1837 Las Palmas til Stavanger
  • DY9171 Las Palmas til Bergen
  • DY1839 Las Palmas til Bergen
  • DY9029 Las Palmas til Haugesund