Det var bistandsadvokat Gunnar Solbraa som ba Riksadvokaten ta opp att etterforskninga av dødsfallet til Arve Beheim Karlsen i april 1999, etter at det melde seg eit nytt vitne. Dette vitnet meiner å ha sett ein av dei to som vart dømd for vald og trugsmål mot Arve Beheim Karlsen, langs elvekanten i Sogndal, dagen etter at Beheim Karlsen forsvann.

Statsadvokat Jan Hoel skal vurdere Beheim Karlsen-saka på ny.
Og riksadvokaten har no bede statsadvokat Jan Hoel vurdere om det er grunnlag for ny etterforsking.
Steffen Brandstad forsvarar 19-åringen som vart dømd til eitt års fengsel, og som det nye vitnet meiner var den personen han såg langs elvekanten. Han trur ikkje det er mogleg å få fram fleire opplysningar om kvifor Arve Beheim Karlsen drukna i Sogndalselva.
Brandstad er heller ikkje særleg glad for det engasjementet som Kari Beheim Karlsen og hennar advokat har vist etter at saka vart ferdig handsama i rettsapparatet.