Hopp til innhold

Endeleg opna den nye høgskulen dørene

Etter fem år med bygging står den endeleg klar. I dag tok fleire tusen studentar i bruk den splitter nye Høgskolen i Bergen.

Høgskulen i bergen

PÅ PLASS: Studentane kunne endeleg innta det flunkande nye høgskulebygget på Kronstad i Bergen. Høgskulen er bygd på NSB si gamle verkstadtomt. Her frå biblioteket i ein av dei gamle verkstadhallane.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Ole-Gunnar Søgnen

GLAD REKTOR: Ole-Gunnar Søgnen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– For eit fantastisk syn!

Slik opna rektor Ole-Gunnar Søgnen sin tale då han stod framfor fleire tusen frammøtte på den nye høgskulen på Kronstad i Bergen. Etter å ha drøymt om bygget i 20 år, var det endeleg klart for opning onsdag.

– Her på høgskulen har vi drøymt om å samle alle avdelingane på ein campus. Slik kan vi utnytte det tverrfaglege og samarbeide på tvers av både utdanning og fagmiljø, seier Søgnen til NRK.

– Det vi håpar verkeleg skal ta glede av dette er studentane.

Sjå video frå opninga i dag:

Opning av Høgskolen i Bergen

Bygd på gamal verkstadtomt

Den nye Høgskolen i Bergen er bygd på den gamle verkstadtomta til NSB, som vart tatt i bruk etter at Bergensbanen stod ferdig. NSB bygde verkstadhallar for å utføre reparasjonar på tog og jernbanematerielle, i dag er hallane integrerte saman med dei nye bygga på Kronstad.

– Vi har fått til ein unik kopling mellom det gamle og moderne. Det er vi veldig stolt over og eg meiner det er blitt gjort ein flott jobb.

Totalt har det heile kosta 2,5 milliardar kroner.

– Flyttar hjartet av byen

Også ordførar Trude Drevland var på plass og heldt tale for dei nye studentane. Ordføraren sa at høgskulen og dei nye studentane er ei viktig brikke i eit vellukka byutviklingsprosjekt.

– Dykk er med på å flytte hjartet av Bergen. Tenkt over det.

Høgskolen i bergen

2,5 MILLIARDAR: Det har kosta å gjere om dei gamle verkstadhallane på Kronstad.

Foto: Helen Vassbotten Lervik / NRK