Hopp til innhold

Opna ny kai – seks veker seinare har hogsten stansa opp

10. mars opna klimaministeren ein tømmerkai, som ein månad seinare nesten ikkje er i bruk. No ber skogsdirektør staten investere for å holde liv i skogsnæringa.

Sveinung Rotevatn er med å opne ny tømmerkai i Fjaler i mars.

KONTRASTAR: 10. mars i Fjaler. Klimaminister Sveinung Rotevatn (V) opnar nok ei ny tømmerkai i ei næring der pilene lenge har peika oppover. Seks veker seinare blir det knapt hogd eit einaste tre.

Foto: Helge Kårstad

– Den lange kystlina er ei openberr transportåre for å frakte tømmer frå skogen til marknaden, sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn då han i mars opna Kvamen Tømmerkai i Fjaler.

Så gjekk han laus på ein granstokk med motorsag, til begeistring for dei tilreisande, blant dei landbrukssjefen, fylkesordføraren og eit utval ordførarar.

Seks veker seinare er kontrasten påfallande.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn då han i mars opna Kvamen Tømmerkai i Fjaler.

Her opnar klimaministeren Kvamen tømmerkai i Fjaler – seks veker seinare skrik næringa etter nye oppdrag.

Foto: Helge Kårstad

Hogsten har stoppa opp

I påska sende skogsentreprenør Torbjørn Frivik ut ei melding om at dei må stoppe all produksjon på ubestemt tid. Til dagleg leier han to selskap med meir enn tjue tilsette i Høyanger.

No set dei si lit til at staten investerer i nye prosjekt, slik at dei slepp å permittere.

– Eg tykkjer det er betre å halde folk i arbeid og gjere noko fornuftig enn at me skal springe til Nav alle saman. Der er køen stor nok frå før.

Skogsentrepenør Torbjørn Frivik

TUNGT: Tida står stille for Torbjørn Frivik og resten av skogsnæringa. Fleire håpar at myndigheitene vil kome med ein respons i form av nye prosjekt.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Treng pengar

Prosjektleiar Helge Kårstad for Kystskogbruket anslår at aktiviteten på Vestlandet er redusert til mellom 20 og 30 prosent av det som er normalt.

I likskap med Frivik håpar han at staten no vil opne opp pengesekken.

– Mange kommunale vegar, til dømes, er veldig dårlege, og det er svært mange skogsentreprenørar og anleggsentreprenørar som er ledige i dag. Så her er det moglegheiter til å få gjort noko, men då treng me pengar.

Helge Kårstad

KLARE FOR INNSATS: Helge Kårstad frå Kystskogbruket seier mange entreprenørar er ledige til å trø til dersom det trengst. Men då må staten på banen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Kan spare mange millionar

Administrerande direktør Per Skorge i Norsk Skogeierforbund meiner det er viktig å halde hjula i gang, ikkje berre frå eit samfunnskritisk perspektiv.

Han trur myndigheitene kan spare millionar av kroner på å setje i verk nye prosjekt, som til dømes bygging av skogsvegar.

– Vi har foreslått ei pakke på 60 millionar kroner, med konkrete prosjekt.

Ifølgje hans berekningar ville dei same hogstlaga alternativt fått utbetalt 74 millionar kroner i kontantstøtte i same tidsrom.

– Vi prøver å få regjeringa til å tenkje at det er betre å sysselsetje med slike prosjekt, framfor ein passiv utbetaling av støtte. Me har fått god respons, men det står att å sjå om det vert handling.

Tømmerhogst i skogen.

PENGAR SPART: – Staten vil spare millionar på å halde hjula til skognæringa i gang, seier Per Skorge, administrerande direktør i Norsk Skogeierforbund.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Følger utviklinga nøye

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) seier til NRK at dei følgjer utviklinga nøye.

– Me har tett kontakt med skogsnæringa og gjer ein fortløpande vurdering av moglege tiltak.

Ho påpeiker at regjeringa har komme med fleire tiltakspakker, som også kjem skognæringa til gode.

– Me har mellom anna i dag fastsett forskrift som gir ekstra tilskot til planting på grunn av høgare kostnader ved planting, som følge av koronarestriksjonane, seier ho.

Olaug Bollestad

TETT KONTAKT: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad fortel at dei følgjer nøye med på utviklinga til skogsnæringa.

Foto: Torbjørn Tandberg