Per Klinge er 175 centimeter høg. Då han i fjor sommar vog 125 kilo, var han så overvektig at han hadde problem med å puste.
Av sin faste lege fekk han vite at ved Sentralsjukehuset i Førde hadde dei byrja med ein heilt ny type operasjonar for ekstremt overvektige. Per Klinge slo til, og det har han ikkje angra på.
Inngrepet går ut på å fjerne litt av magesekken og ein del av tynntarmen. Overlege Villy Våge, som utførte operasjonen, seier at pasientane vanlegvis opplever å gå drastisk ned i vekt.
Sentralsjukehuset er det einaste sjukehuset i landet som utfører denne typen operasjonar.
Men Våge understrekar at operasjon berre er aktuelt når pasienten er så overvektig at det er farlegare å leve med fedmen, enn det er å operere.